Stenger E39 natt til laurdag

Ei bru rett utanfor Breim skal erstattast etter flaumen førre veke. Då må E39 stengast i sju timar.

Flaumskade under E39 på Breim

GRUNNMUREN ER VEKKE: Delar av brufundamentet er vekke.

Foto: Statens vegvesen

Ei bru på E39 ved Sageflåten mellom Byrkjelo og Sandane vart skadd i Flaumen som råka Byrkjelo og Utvik førre måndag.

– Brua fekk store skader, så me må leggja ned ei midlertidig bru, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Vidar Solheim.

Vegen blir stengd mellom fredag klokka 23 og laurdag morgon klokka 06.00. Det er ingen lokale omkøyringsvegar, men ein kan køyra Fylkesveg 615 Sandane–Hyen–Storebru.

– Om du ikkje absolutt må fram, så er vårt råd at folk ikkje køyrer her. Omkøyringsvegen er ikkje anbefalt for store køyretøy, seier Solheim.

Vegvesenet veit ikkje når ei permanent bru er på plass, men den midlertidige brua vil ikkje føra til trafikkproblem på europavegen.

– Den midlertidige brua vil ikkje bli ein flaskehals.

Den midlertidige brua er henta med transport frå Nederland og kjem til Sandane fredag kveld.