Hopp til innhold

Stengde vegen på grunn av uvêr

Uvêret herja på Sognefjellet, og Statens vegvesen valde måndag føremiddag å stengje riksveg 55. Meteorologen ventar mykje ruskevêr denne veka.

Uvêr over Sognefjellet

RUSKEVÊR: Riksveg 55 over Sognefjellet er stengd grunna uvêr. Slik såg det ut ved SOgnefjellshytta i morgontimane.

Foto: Webkamera Sognefjellshytta

Statens vegvesen melde måndag om morgon at riksveg 55 over Sognefjellet var stengd. Ifølgje Vegvesenet blir det gjort ei ny vurdering av situasjonen klokka 12.00.

Oppdatert klokka 13.00: Riksveg 55 over Sognefjellet er open for trafikk.

Det var i dag tidleg éin minusgrad på Sognefjellet, og dessutan sterk vind.

– Veka blir ein våt affære

Ved Kråkenes fyr i Vågsøy var det dessutan full storm i morgontimane.

– Ja, det er vått og grått. Vêret denne veka blir ein våt affære, med låge temperaturar og mykje vind, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli.

– Vi er nok inne i ein god regnversperiode no, seier han.

Regn, regn og atter regn

Du må smørje deg med ein gode dose tolmod, dersom du ønskjer sol og varme. For så langt meteorologen kan sjå, er det stort sett vått...

– Kan vi sjå noko lys i tunnelen?

– Ser vi slutten av veka, og hoppar over dei våte dagane, så vil det utpå dagen onsdag byrje å gje seg litt. Det vil framleis komme litt regn, men ikkje så mykje som i dag og i morgon, seier Fagerli.

Her er temperaturane nokre stader i Sogn og Fjordane måndag morgon:

  • Øvre Årdal: 7
  • Sogndal: 8
  • Sognefjellet: -1
  • Florø: 7
  • Selje: 8
  • Sandane: 7
  • Loen: 10
  • Gullfaks C: 9

HER SER DU VÊRVARSELET FOR SOGN OG FJORDANE