Hopp til innhold

Stengde vegar og framleis rasfare

Lista over stengde vegar er lang som eit vondt år fredag morgon. Rasfaren vert rekna som betydeleg.

Ras på fylkesveg 152, Ulvastad - Menes.

STENGT: Skredet Algøya på fylkesveg 152 mellom Ulvastad og Menes i Balestrand er eitt av fleire skred som stengjer vegar i fylket.

Foto: Arnstein Menes

Store nedbørsmengder har sett sitt preg på fjordfylket siste døgnet. Med opp mot 100 millimeter nedbør over 24 timar har det ført til stor skredfare og mange stengde vegar.

Torsdag var det stor snøskredfare i ti av 24 regionar i landet. Fredag er denne justert ned til betydeleg - tre på ein skala frå 1-5 - i Sogn og Fjordane.

– Unngå leområde der det samlar seg fersk fokksnø, typisk bak ryggar, i søkk og renneformasjonar, lyd åtvaringa på varsom.no.

Fire stengde vegar

Framleis er fire vegar i fylket stengde grunna skred eller fare for skred. I tillegg er E16 mellom Lærdal og Bergen stengd på grunn av eit 10-20 meter breitt jordskred ved Bulken på Voss.

Vikafjellet 21. mars

STENGT: Vikafjellet er mellom fleire stengde fjellovergangar i morgontimane fredag.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Omkøyring er skilta om fylkesveg 7 gjennom Hardanger og over Kvamskogen. Geolog er venta til staden klokka 10 i dag.

– Ein må vere obs. Det kan vere både vatn og steinar i vegen, og det er vanskeleg å sjå i mørket, åtvara vaktoperatør Roger Nedberge Hille torsdag kveld.

Fredag er nedbøren venta å roe seg. Når det lysnar av dag blir det tatt stilling til om vegar skal opne att.

Fløymde bustadfelt

Elles har ikkje politiet eller brannalarmsentralen fått meldingar om store problem grunna nedbøren.

Einaste i Aurland der brannvesen og anna mannskap jobba på spreng for å få vatn vekk frå bustadfeltet Klokkargarden. Ifølgje Sogn Avis var fire-fem husstandar utsette då kummar og røyrsystem ikkje takla dei store nedbørsmengdene.

– Vi hadde folk inne for å ta seg av stikkrenner, men situasjonen normaliserte seg, får NRK.no opplyst ved alarmsentralen.