Stengde vegar i Gulen

Fylkesveg 1 mellom Instefjord og Brekke i Gulen er framleis stengd på grunn av tre som falt under stormen "Urd" i går. Det same gjeld riksveg 57 i Gulen. Det er uvisst når vegane blir opna igjen.