Stengde og opna fylkesveg

Det tok ikkje mange minuttane før fylkesveg 5600 i Vik var opna att. Vegtrafikksentralen stengde vegen etter melding om steinar på vegen i Arnafjorden. Då entreprenøren kom fram viste det seg at ein rotvelt hadde teke med seg noko stein og vegen vart opna att.