NRK Meny
Normal

Geolog måtte sjå over rasområde i Årdal

Fylkesveg 53 mellom Finnsåstunnelen og Kolnostunnelen er opna att etter at det laurdag ettermiddag gjekk eit ras frå vel 700 meters høgde.

Ras i Årdal

FANGA AV FANGGJERDE: Berre ein liten del av sjølve vegbana er treft av rasmassane, medan storparten har hamna i sikkerheitsnettet over vegen eller gått rett i sjøen.

Foto: Bjørn Indrebø

– No har geologen sett over området, og vi vurderer det som trygt nok til å sette på att trafikken, seier kontrollingeniør Bjørn Indrebø i Statens vegvesen til NRK.no klokka 18.10.

Minutt seinare kjem meldinga frå Vegtrafikksentralen om at hovudvegen inn til Årdal har opna att for fri ferdsel etter å ha vore stengd i vel tre timar på grunn av eit ras.

Indrebø seier dei frå helikopteret har observert sleppområdet.

– Det har losna ei blokk på vel 70 kubikk ca. 700 meter over vegen. Raset har gått i grova, og store delar av det har blitt stoppa av fanggjerdet. Sannsynlegvis har noko gått over det og rett i fjorden.

– Er det overraskande at det kjem eit ras der når vêret er slik det er no?

– Det er eit fangnett der, så det har vore problem her før også, seier Indrebø.

Var stengd i ti døgn etter ras i januar

Det var ein innringar som hadde observert det som kunne vere eit ras eller steinsprang i området som melde frå i 15-tida, får NRK opplyst ved Vegtrafikksentralen.

Entreprenøren vart send ut for å få oversikt over omfanget.

– Det har gått eit ras som er fanga opp i sikkerheitsnettet over vegen. Litt av rasmassane ligg att i grøfta på oppsida av vegen, medan noko av rasmassane har gått rett i sjøen, opplyste trafikkoperatør Marius Rove ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

I januar gjekk det eit stort steinras like ved munningen til Finnsåstunnelen, og vegen var då heilt stengd i ti døgn.

Før vegen vart opna att vart det i januar gjort eit omfattande sikringsarbeid i fjellsida, der ein først spylte ned lause rasmassar, før det vart sett opp kraftige sikringsnett.

Losna høgt oppe

Raset i dag har gått vel 100 meter lenger vest frå der det store raset losna i fjellsida i januar.

Ein geolog frå Statens vegvesen vart send ut til staden. I 16.15-tida vart det opplyst at det ville ta minst tre timar før vegen kunne opne att.

– Eg står i området no, men frå her eg står klarer eg ikkje å sjå kvar det har losna eller kor høgt det har losna frå, sa kontrollingeniør Bjørn Indrebø i Statens vegvesen like før klokka 17.

Medan fylkesveg 53 var stengd kunne reisande køyre om via fjellvegen mellom Årdal og Tyin og E16 Filefjell.

Ras Finnsåstunnelen

DETTE RASET STENGDE VEGEN I JANUAR: Slik såg det ut ved tunnelmunningen i Finnsåstunnelen då eit stort ras losna i fjellsida 4. januar i år.

Foto: NRK-tipsar
Laster kart, vennligst vent...

LENGER VEST: Steinane har rasa ned frå eit område vel 500 meter vest for munningen av Finnsåstunnelen, i retning Kolnostunnelen.