Hopp til innhold

Stengde fjellovergangar

Filefjell er no den einaste fjellovergangen mellom aust og vest som er open. Riksveg 15 over Strynefjellet er kolonnekøyrt. På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring for store køyretøy, elles er fjellovergangen stengd for mindre køyretøy. Dei andre fjellovergangane mellom aust og vest er i dag stengde på grunn av uvêr. Det same er riksveg 13 over Vikafjellet. Her kan du lese oppdaterte vegmeldingar.