NRK Meny
Normal

Stengde E39 i frykt for brann i tunell - var vassdamp

Torsdag kveld fekk politiet melding om røykutvikling i begge tunellopningar i Jernfjelltunellen i Gulen kommune.

Laster kart, vennligst vent...

– Vi fekk meldinga klokka 20.58 og rykte ut med politi og brannkorps, seier Morten Kronen ved Hordaland politidistrikt til NRK.no

E39 vart stengd av frykt for brann inne i tunnelen.

Alt verka normalt

– Verdiane i tunnelen viste at alt var normalt. Korkje vi eller politiet i Sogn og Fjordane fekk melding, men vi rykte ut fordi Vegtrafikksentralen hadde fått ei melding, seier Kronen.

Dei stussa tidleg over at ingen meldingar frå trafikantar hadde kome inn.

– Når noko skjer ved Jernfjelltunellen får vi vanlegvis hundrevis av telefonar. No fekk vi ingen.

For det viste seg å vere normale tilstandar i tunnelen.

Ikkje brann, men vassdamp

«Røyken» som velta ut tunellopningane var ikkje frå ein brann.

– Det var vassdamp. Tunnelen er lufta ut, og alt er normalt på staden.

– Vegen er open og trafikken går som normalt, seier Kronen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser