Hopp til innhold

Stengd port på Vikafjellet

Fleire bilistar står no fast fordi ein kuldeport på Vik-sida av Storehaugtunnelen på Vikafjellet har låst seg. Ein bilist fortel at det blir jobba med å få opp porten, men førebels har dei ikkje lukkast. Vegtrafikksentralen opplyser at dei håpar å få opna att klokka 19.45. Det har også gått eit lite ras sør for Hestavollen, men det er kuldeporten som gjer at riksveg 13 er stengd.