Hopp til innhold

Stem på tidenes venstrekant

Berre ein plass står att på tidenes Sogndal-lag før spissane skal kårast. Kven vil du ha på venstre midtbane?

Tommy Øren anno 2000
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- Sogndal har spelt mykje 4-3-3 og kanskje ikkje hatt så mange typiske venstevingar. Me snakkar heller om venstre midtbane. Og nokre slepne venstrebein har ein jo hatt her, seier Sogndal-kjennar Jon Navarsete.

Laget til no:

Kandidatane:

Magdalon Sætre (1971-83) 196 kampar/9 mål. Slepen og hardtarbeidande. Flott driv med ballen.

Stig Nord (1986-1995) 226/22. Kløktig og taktisk eidar med eit godt venstrebein. Trente Sogndal i 2006.

Steinar Hopen (1988-92) 109/34. Henning Berg rangerer gelefinta frå Eikefjorden som ein av dei tre verste motspelarane han har hatt. I lag med Zinedine Zidane…

Tommy Øren (1997-2005, 2010) 211/56. Suveren venstrefot og fantastisk dribleregister.

Barry Kader (2006-2010) 85/11. Lynrask og uforutsigbar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Du kan gje ei stemme kvar dag fram til avstemminga blir avslutta søndag ved midnatt. Vinnaren vil ta plass på tidenes Sogndal-lag som skal kårast fram mot seriestart i Eliteserien 20. mars.

Du kan avgje ei stemme kvar dag fram til søndag midnatt. Måndag 7.3 kjem ei ny avstemning, for då skal tidenes spissar kårast.