Hopp til innhold

Stem på tidenes Sogndal-trenar

Spelarane på tidenes Sogndal-lag er klare. No må laget ha ein trenar.

Harald Aabrekk, Jan Halvor Halvorsen, Torbjørn Glomnes og Karl Oskar Emberland

TIDENES TRENAR? Harald Aabrekk, Jan Halvor Halvorsen, Torbjørn Glomnes og Karl Oskar Emberland har alle trent Sogndal i moderne tid. No kan du stemme på tidenes beste Sogndal-trenar.

Foto: Fotomontasje

- Det er merkelege greier. Nesten ingen Sogndal-trenarar kjem frå den tredje sesongen med æra i behald. To sesongar er tydelegvis nok, seier Sogndal-kjennar Jon Navarsete.

Laget til no:

KEEPER: Terje Skjeldestad

HØGRE BACK: Petter Melcior

MIDSTOPPARAR: Asle Hillestad og Arild Førde

VENSTRE BACK: Gunnar Sigmar Håre

HØGRE KANT: Knut Christiansen

SENTRAL MIDTBANE: Atle Torvanger og Rune Buer Johansen

VENSTRE KANT: Tommy Øren

SPISSAR: Tore André Flo og Svein Bakke

Kandidatane:

Per Ingar Sviggum (1969, 1972-1973 og 1976-1977): Manager-type. Løfta Sogndal frå eit ordinært til eit ekstraordinært lag. Cupfinale-trenaren i 1976.

Arnor Svedal (1974-1975 og 1978): - Like viktig som Svigum, seier Jon Navarsete.

Harald Bersaas (1981-1982): Fekk Sogndal opp i eliteserien for første gong.

Ingvar Stadheim (1983-1984): Enda opp som landslagstrenar.

Bosse Matsson (1985-1986): Kravstor svenske, som profesjonaliserte Sogndal.

Ola Ljungberg (1987-1989): Stod for klubben sitt andre opprykk til eliteserien. Hadde ein av tidenes beste Sogndal-sesongar i 1988.

Harald Aabrekk (1990-1992 og 2009-): Fekk ein grusom start på sin første periode i klubben, men leia Sogndal til opprykk og mange store triumfar. Redningsmann i 2002. Regisserte nytt opprykk i 2010.

Øyvind Nilsen (1993-1996): Populær trenar. Skapte humør og opprykk.

Torbjørn Glomnes (2000-2002): Fekk laget opp i eliteserien, og dyrka fram eitt av dei beste Sogndal-laga nokon gong.

Jan Halvor Halvorsen (2003-2004): Gjorde Sogndal til eit topplag i ein kort periode.

Karl Oskar Emberland (2007-2009): Fekk Sogndal-skuta på rett kjøl igjen etter nokre magre år.

Gje di stemme på tidenes Sogndal-trenar:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Du kan gje ei stemme kvar dag fram til avstemminga blir avslutta søndag ved midnatt. Vinnaren blir trenar på tidenes Sogndal-lag, som skal kårast fram mot seriestart i eliteserien 20. mars.