Stem på tidenes midtbanespelarar

Denne veka skal me kåre hjartet i tidenes Sogndal-lag. Det er tid for å stemme fram to sentrale midtbanespelarar.

Rune Buer Johansen

Rune Buer Johansen har hatt fleire periodar i Sogndal. Den siste var den mest suksessrike.

Foto: Yttri, Tor / SCANPIX

- Lista me presenterer no er kanskje kremen av sogndalsfotballen. Det er 11 stykker i alt, og mange av dei har liksom vore "kongeørna" på bana. Han som legg ut vengene og skaper ro i laget, seier Sogndal-kjennar Jon Navarsete.

Til no har følgjande spelarar fått plass på tidenes lag:

Kandidatane:

Johan Johannesen (1960-67, 74-77) 149 kampar/60 mål. Ein av leiarskikkelsane på cupfinalelaget i 76. Konkurransemann.

Jarle Skartun (1974-84) 227/27. Kraft, pondus og klare meldingar.

Harald Aabrekk (1974-76, 78-82) 146/36. - Då Sogndal rykka opp i 81 var han fantastisk. Landslagsklasse, seier Navarsete.

Atle Torvanger (1983-87, 92-95) 210/26. Ballelegant med fantastisk skotfot.

Rhonny Nilsson (1989/93) 118/16. Leiartype og fighter.

Eirik Bakke (1993-99, 2011) 119/22. Tok seg til semifinale i Champions League med Leeds.

Dag Christian Sørum (1999-2002) 93/13. Veldig viktig for Sogndal. Hadtarbeidande krigar.

Rune Buer Johansen (1995-98, 2001-2003) 121/22. Sogndal sin beste spelar i 2003. Uovertruffen vinnarvilje med mange kvalitetar.

Rune Bolseth (1999-2009) 291/38. Stort offensivt register. Lagspelar.

Anders Stadheim (1999-2009) 230/25. Sogndal sin ballvirtous nummer ein.

Henrik Furebotn (2006-2011) 145/19. Publikum sin favoritt på Fosshaugane i dag. Gir alltid alt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Du kan gje ei stemme kvar dag fram til avstemminga blir avslutta søndag ved midnatt. Dei to med flest stemmer vil ta plass på tidenes Sogndal-lag som NRK skal kåre fram mot seriestart i eliteserien 20. mars.

Du kan avgje ei stemme kvar dag fram til søndag midnatt. Måndag 28.2 kjem ei ny avstemning, for då skal tidenes venstre midtbanespelarar kårast.