Hopp til innhold

Bli med på kåringa av årets artist – røyst på din favoritt

Musikklivet Sogn og Fjordane blomstrar og det er igjen tid for å kåre årets artist. Kven er din favoritt? Røyst på den du likar best.

Bilete til Julelutt 2014

KVEN VINN?: Det er igjen klart for å kåre årets Lutt-vinnar i Sogn og Fjordane. Dette er kandidatane. Frå venstre øvst: Sigrid Moldestad, Thea Hjelmeland, Odd-Erik Lothe, Lena Skjerdal. I midten frå venstre: Erlend Apneseth, Good Time Charlie, Karl Seglem. Nedst frå venstre: Vidar Ruud, Laila Beathe Førde og Tone Damli.

Foto: Fotomontasje

Luttprisen er NRK Sogn og Fjordane si kåring av årets artist frå fylket. Vinnaren får eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest og eit spesialtrykk av Oddvar Torsheim.

Ein jury har plukka ut dei ti finalistane, etter at nettlesarar og lyttarane til NRK Sogn og Fjordane har kome med forslag til kandidatar.

Du kan røyste på din favoritt fram til tysdag 2. desember. Deretter vil dei tre med flest røyster gå vidare til ein finalerunde. Her vil ein jury saman med røystene frå publikum, avgjere kven som vinn.

Luttprisen 2014 blir delt ut under JuleLutt-konserten i Sogndal kulturhus laurdag 13. desember.

Du kan berre stemme éin gong per 12 timar pr. IP-adresse. Deler du IP-adresse med fleire? Om du sit på ein skule eller ein annan offentleg institusjon, kan den hende du får du opp melding om det allereie er stemt før deg frå same IP.

Her er kandidatane:

Erlend Apneseth

Erlend Apneseth

KANDIDAT 1: Erlend Apneseth

Foto: Vegard Fimland

Erlend Apneseth tok imot både den prestisjetunge prisen, Øyvind Berghs minnepris, og Sparebanken Vest sitt musikarstipend i år. Jølstringen er involvert i ei rekkje samarbeidsprosjekt i tillegg til å vere ein etterspurt soloutøvar.

24-åringen frå Jølster har markert seg som ein av dei beste folkemusikarane i landet i dag, trass sine unge alder. Han er elitespelemann frå 2012, og gav ut soloalbumet Blikkspor i fjor.

Siste åra har Apneseth søkt seg meir mot improvisert musikk og samtidsmusikk, men stadig med utgangspunkt i klangane frå hardingfela og folkemusikken. Apneseth vert gjerne omtalt som framtidas folkemusikarar og har omfattande konsertverksemd å sjå tilbake på i 2014.

Good Time Charlie

Good Time Charlie

KANDIDAT 2: Good Time Charlie

Foto: K&U / K&U

Good Time Charlie med Arle Hjelmeland og Steinar Karlsen i spiss, er kjent for som pionerband for autentisk rhythm and blues musikk, noko dei også har fått nasjonal og internasjonal hyllest for.

Good Time Charlie har gitt ut heile åtte album og er kjent for sin dedikerte og ekte formidling av musikalske tradisjonar og stilartar. I fjor markerte bandet 30-årsjubileum og inspirert av Språkåret gav dei ut barneplata "Draumeblues og Blåsus", på dialekt. I år har bandet spelt land og strand rundt og samla store og små til draumeblues-treff.

17. oktober gav Good Time Charlie ut sitt åttande album, Diamonds, til gode meldingar mellom anna trilla Bergens Tidende terningen til ein femmar for plata

Karl Seglem

Karl Seglem

KANDIDAT 3: Karl Seglem

Foto: Norsk Jazzforum

Fjorårets vinnar av Luttprisen Karl Seglem er også i år ein naturleg kandidat til å kunne nemne seg som årets artist i Sogn og Fjordane.

Jazzmusikaren Karl Seglem frå Årdal er ein av dei mest hardtarbeidande artistane våre. Han har drive eige plateselskap sidan 1991, og gitt ut ikkje mindre enn 16 soloalbum. Det siste "Som Spor" kom i haust, som vanleg til stor applaus og strålande omtalar frå musikkmeldarane.

Albumet med tittelen "Som Spor" er ei innspeling av bestillingsverket til Vossa Jazz 2012. I tillegg til hyppige plateslepp er Karl Seglem stadig på farten både i inn og utland og lokalt med musikken sin.

Laila Beathe Førde

Laila Beathe Førde

KANDIDAT 4: Laila Beathe Førde

Foto: Frøydis Geithus

Etter mange år i band satsa bremangerjenta Laila Beathe Førde for fullt på eiga artistkarriere. I januar gav ho ut plata "I kjole av stål"

Laila Beathe Førde er mest kjent som musikar i suksessgruppa Fabel, men etter år som låtskrivar, saksofonist og vokalist, i ulike samanheng har no teke steget heilt ut som soloartist.

Med seg på plata har ho mellom anna Åge Aleksandersen sin trommeslager og bassisten Halvor Folgerø.

Lena Skjerdal

Lena Skjerdal

KANDIDAT 5: Lena Skjerdal

Foto: Hallstein Dvergsdal

Stemma til sogningen Lena Skjerdal har du møtt mange gonger i norsk radio, og no har ho gitt lyd frå seg på ny. For berre nokre veker sidan kom plata "Mjuke vek"..

Tittelen og tittelsporet har Lena Skjerdal henta frå ei strofe i Den fyrste song av Per Sivle. Dei mjuke vek til hjarta gjekk. Dei kunne gråten stogga. Plata er den andre i rekka frå Lena Skjerdal som gav ut albumet Home med Lena Skjerdal trio i 2009.

Lena Skjerdal svært knytt til heimtraktene sine i musikken, men har også studert indisk, vestafrikansk og tyrkisk sangtradisjon. På Mjuke Vek syng ho på nynorsk og dialekt, og har mellom anna tonesett tekstar av Olav H. Hauge og Tor Jonsson.

Odd-Erik Lothe

Odd-Erik Lothe

KANDIDAT 6: Odd-Erik Lothe

Odd-Erik Lothe har prega musikk-kvardagen til svært mange av oss sidan tidleg 90-tal, som komponist, musikar og vokalist.

42-åringen frå Kjølsdalen har gitt oss den eine radiohiten etter den andre, både som frontmann i fylkesgruppa Fabel, som ein del av rockabillygruppa Green Granadas og humorbandet Finn-Erix. Siste åra er det eigne prosjekt som har stått i fokus. I 2012 gav han ut plata Blå Song og i sommar kom radioslageren Heimlig Himmel.

Odd-Erik Lothe er ein av dei mest spelte artistane frå Sogn og Fjordane i norsk radio. Heilt sidan platedebuten i 1996 har han dyrka nynorsk og dialekt i tekstane sine. I år har eidaren også vore svært aktiv på konsertscener i Sogn og Fjordane.

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad

KANDIDAT 7: Sigrid Moldestad

Foto: folkogdans.no

2014 har vore nok eit godt år for Sigrid Moldestad, som har fylt konsertsal etter konsertsal med musikk frå plata "Brevet til kjærleiken" der ho tonesette og bles liv i dikta til Jan Magnus Bruheim.

Fleire av låtane frå "Brevet til Kjærleiken" er spelelista i norske radioar, og Sigrid Moldestad er hyppig tonefylgje i lokalradioen, både med songar frå Bruheim-plata og frå tidlegare innspelingar. Både som soloartist og i lag med Live Merethe Kroken i Spindel.

Sigrid Moldestad er ei av våre fremste artistar. Med 4 soloplater, 2 Spelemannsprisar og ei rekkje utmerkingar i bagasjen har ho jobba seg fram som ein musikar med særpreg. I desse dagar er 42-åringen frå Breim ute på ny turne i fylket, med konserten ho kallar vintersong med musikk i grenselandet mellom folkemusikk, americana, viser og salmar.

Thea Hjelmeland

Thea Hjelmeland

KANDIDAT 8: Thea Hjelmeland

Foto: Promo

Superlativa frå musikkjennarane stod i kø då Thea Hjelmeland leverte si andre plate i haust. -Dette er popkunst. Ei plate der sorg blir omsett i vakker musikk, skreiv Øyvind Rønning i Dagbladet.

Tekstane på plata er sentrert rundt eigaopplevd sorg, etter at den franske kjærasten hennar blei alvorleg sjuk og døyde – samtidig som Thea Hjelmeland sjølv var gravid. Dei sterke tekstane og musikken trefte svært mange lyttarar rett i "Solar Plexus"..

Thea Hjelmeland har hatt ein svært aktiv haust med konsertar både lokalt, nasjonalt og rundt omkring i Europa. No i november er ho på Cuba med musikken sin.

Tone Damli

Tone Damli

KANDIDAT 9: Tone Damli

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Tone Damli er ute med si første langspelplate på dialekt. Etter fem popalbum på engelsk syng Tone Damli for første gang på norsk på juleplata «Di første jul»

Musikkmeldarane har "ikkje gått av skaftet" i positiv omtale av den nye plata til Tone Damli. Sjølv meiner ho at den er ei personleg og gjort på ein måte som ho står inne for. Responsen frå lyttarane har også vore positiv, og tittelsongen "Di første jul" er alt A-lista i Nrk P1.

Å gi ut juleplate har lenge vore ein draum for Tone Damli, og songane som er med på plata er ein blanding av klassiske julelåtar som dei fleste kjenner til, men også meir ukjente og uventa songar. Tone Damli er ein av artistane som står på scena under Juleluttkonserten i Sogndal 13. desember.

Vidar Ruud

Vidar Ruud

KANDIDAT 10: Vidar Ruud

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Årdølen Vidar Ruud har bestemt seg for å følge draumen, og gjere det han elskar mest av alt, nemleg å skape musikk og dele den med verda.
I sommar kom debutalbumet " Following Dreams"

13 songar rett frå hjarte, seier Vidar Ruud, eller berre Ruud, som han nyttar som artsistnamn, om debutplata si. Tittelen på albumet fortel kva det heile handla om då årdølen for tre år sidan sa opp jobben i TV2 for å kaste seg ut i det ukjente, for å satse fullt ut på musikken.

Vidar Ruud har brukt hausten til å framføre musikken på fleire konsertar både i hovudstaden og Bergen. Han var også var ein av dei lokale artistane som stod på plakaten under årets Målrock. Videoen til låten Eternity fekk mykje omtale då det, gjennom sosiale medium, blei kjent at Hollywood-stjerna Russell Crowe var stor fan av musikkvideoen.