Hopp til innhold

Stem på din kortfilm-favoritt

Denne veka går den store Q-filmfestivalen på Sandane av stabelen. No kan du stemme fram den filmen du meiner fortener Publikumsprisen.

Qfilm 2014

VELG DIN FAVORITT: Sjå ni flotte kortfilmar, laga av unge filmtalent. Stem på den eller dei du likar best.

Foto: Montasje

Åsmund Eikenæs og Oline Birgitte Nave

KLARE FOR SPENNANDE VEKER: Leiar Åsmund Eikenæs og nestleiar Oline Birgitte Nave gler seg til årets filmfestival.

Foto: Qfilm

Lenger nede på sida kan sjå alle filmane og stemme på din favoritt!

Qfilm-leiar Åsmund Eikenæs er godt nøgd med filmane dei har fått inn.

– Vi har fått inn mange gode og varierte filmar frå ungdom i alle aldrar frå Sogn og Fjordane, seier han.

Filmfestivalen blir arrangert av medie-elevar ved Firda vidaregåande skule. Publikum kan vente seg ei innhaldsrik veke med arrangement, mange gode filmar frå ulike delar av verda, god mat og underhaldning.

– Vi er godt nøgde med responsen før festivalveka, og gler oss til å kome i gong på måndag, med ei veke fylt med film og underhaldning.

Gallekveld

Den store prisutdelinga skjer torsdag kveld. Då er det klart for Q-pris der det blir kåra vinnarar i ulike kategoriar.

– Qpris vert ein storslått gallakveld, med raud løpar, fingermat og prisutdeling. Vi ønskjer å gjere stas på unge filmskaparar frå Sogn og Fjordane, og delar ut Q-prisar laga av TIP-lina på Eid vidaregåande skule til dei beste innsende filmane, seier Eikenæs.

Stem på den du likar best

Nettlesarane til NRK Sogn og Fjordane kan vere med å avgjere kven som får Publikumsprisen. Vinnaren får ein flott premie.

Du kan stemme på din favorittfilm fram til torsdag 20. november klokka 16:00.

Laster innhold, vennligst vent..

Du kan berre stemme éin gong per 12 timar pr. IP-adresse. Deler du IP-adresse med fleire? Om du sit på ein skule eller ein annan offentleg institusjon, kan den hende du får du opp melding om det allereie er stemt før deg frå same IP.

Her er dei ti nominerte filmane:

4H Ghana

4H Ghana. Medverkande: Torgeir Timenes Bell, Ida-Louise Eikås og Oline Birgitte Nave. Musikk: Philter – Breakdown Into 8-Bit

4H GHANA: Medverkande: Torgeir Timenes Bell, Ida-Louise Eikås og Oline Birgitte Nave Musikk: Philter – Breakdown Into 8-Bit.


Jordalen

Jordalen. Regi: Cecilie Skogheim.

JORDALEN: Regi: Cecilie Skogheim.

Kontrast

Kontrast. Regi: Renate Solibakke og Frøya Bergheim. Musikk: Bjarne Iestra

KONTRAST: Regi: Renate Solibakke og Frøya Bergheim. Musikk: Bjarne Iestra

Move Forth

Ein film av Jonas Flaten.

MOVE FORTH: Ein film av Jonas Mølmesdal Flaten og Thomas Alme Matre i Rend Digital.

Pensjonert

Pensjonert. Regi: Ottar Brochs. Musikk: Kevin MacLeod, Ludwig van Beethoven, Ottar Brochs, Martin Berg Andersen, Dovydas Miliauskas

PENSJONERT: Regi: Ottar Brochs. Musikk: Kevin MacLeod, Ludwig van Beethoven, Ottar Brochs, Martin Berg Andersen, Dovydas Miliauskas.

Prosjekt Nordfjord trailer

Prosjekt Nordfjord. Regi: Iver Heen Ask.

PROSJEKT NORDFJORD TRAILER: Regi: Iver Heen Ask.

Skygger fra fortiden

Skygger fra fortiden. Regi: Mark John Cupper, Per Asbjørn Gundersen, Emil Ringstad, Patryk Smørdal og Stein Witteveen

SKYGGER FRÅ FORTIDEN: Regi: Mark John Cupper, Per Asbjørn Gundersen, Emil Ringstad, Patryk Smørdal og Stein Witteveen.

UFO

UFO. Regi: Gjest Ingeson Kvåle og Jacob Årøy.

UFO: Regi: Gjest Ingeson Kvåle og Jacob Årøy.

Året som gikk

Året som gikk. Regi: Matias Myklebust

ÅRET SOM GIKK: Regi: Matias Myklebust.