- Lenger nede på sida kan sjå alle filmane og stemme på din favoritt!
31. mars går startskotet for årets filmfestival i Sogndal. Festivalen er ein unik moglegheit for ungdom frå Sogn og Fjordane og Hordaland til å vise fram talentet sitt innan film.
I løpet av to dagar blir det spennande foredrag og mykje underhaldning. Det blir gallakveld med utdeling av prisar, mellom anna «Publikumsprisen 2014». Ein jury har plukka ut ti filmar som får vere med i denne klassen.
Det er nettlesarane til NRK Sogn og Fjordane som avgjer kven som får Publikumsprisen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Stem på den du likar best
Du kan vere med å stemme på den du meiner skal vinne «Publikumsprisen 2014». Premien er eit Canon-kamera til ein verdi av 8000 kroner.
Du kan stemme på din favorittfilm fram til måndag 31. mars klokka 15:00.