Stem på den beste kortfilmen

Neste veke er det duka for den store Q-filmfestivalen på Sandane. No kan du stemme fram den filmen du meiner fortener publikumsprisen.

Linda Hagen Myklebust og Johanne Nyborg

GLER SEG: Leiar Linda Hagen Myklebust og nestleiar Johanne Nyborg ser fram til neste veke.

Foto: Qfilm

Q-film er ein årleg filmfestival, arrangert av medieelevar ved Firda vidaregåande skule. Det heile brakar laus med Kick-Off måndag kveld. I løpet av veke blir det fagdag med ulike tema og foredrag. Det blir også vist mange filmar denne veka.

Linda Hagen Myklebust og Johanne Nyborg

GLER SEG: Leiar Linda Hagen Myklebust og nestleiar Johanne Nyborg ser fram til neste veke.

Foto: Qfilm

Q-film er ein filmfestival der kreativ ungdom får vise kva dei kan om film, samt lære meir om film via forskjellige aktivitetar, foredrag og kinoframsyningar. Årets tema er «Adventure».

Den store prisutdelinga skjer torsdag kveld. Då er det klart for Q-pris der det blir kåra vinnarar i ulike kategoriar.

Nettlesarane til NRK Sogn og Fjordane kan vere med å avgjere kven som får Publikumsprisen.

– Vi fekk inn 35 filmar og er nøgde med det. Det er høgt nivå på mange av dei. I tillegg ventar vi inn nokre filmar som skal ver med i juniorklassen. Vi har fått mange bra filmar og det var vanskeleg å velje ut ti nominerte til Publikumsprisen, seier leiar Linda Hagen Myklebust.

Førebuingane til festivalen er no i full gong. Myklebust seier ho mest av alt er spent på mottakinga frå publikum.

– Vi er klare! Vi har begynt å selje festivalband og har begynt førebuinga til kick-off. Vi er veldig spente på resultatet og mottakinga frå publikum. Eg er ganske sikker på at det blir bra!

Stem på den du likar best

No kan du vere med å stemme på den du meiner skal vinne «Publikumsprisen 2012».

Premien er eit Canon 550D (stills/HD videokamera) med ekstern mikrofon.

Du kan stemme på din favorittfilm fram til torsdag 22. november klokka 16:00.

Her kan du sjå filmane du kan stemme på:

Film 1: A Whole New World

Q-film nr 1: A Whole New World.
Av Media Sogndal vgs v/ Silje Bråstad, Niclas Skinlo, Janne Håland, Hilde Afrodite Mykland og Martin Andreas Aasen Vikesland (Sogndal vgs)

FILM 1: Media Sogndal vgs. v/ Silje Bråstad, Niclas Skinlo, Janne Håland, Hilde Afrodite Mykland og Martin Andreas Aasen Vikesland (Sogndal vgs.)

Film 2: Jenta som blei lastebilsjåfør

Q-film nr 2: Jenta som blei lastebilsjåfør. Av Helene Solheim, Mariell Midtbø Bøyum og Mari Standal (Mo og Jølster vgs)

FILM 2: Helene Solheim, Mariell Midtbø Bøyum og Mari Standal (Mo og Jølster vgs.).

Film 3: Dagboka

Q-film nr 3: Dagboka. Av Ervin Hoti, Erik Nyland, Bente Molen og Maria Steen (Mo og Jølster vgs)

FILM 3: Ervin Hoti, Erik Nyland, Bente Molen og Maria Steen (Mo og Jølster vgs.).

Film 4: Farleg kjennskap

Q-film nr. 4: Farleg bekjentskap. Av Marte Aleksandra Djupvik, Caroline Skarstein, Torbjørn Frøysland, Ian Gulestør, Dovydas Miliauskas og Simen Berge Kongsvik (Mo og jølster vgs)

FILM 4: Marte Aleksandra Djupvik, Caroline Skarstein, Torbjørn Frøysland, Ian Gulestør, Dovydas Miliauskas og Simen Berge Kongsvik (Mo og Jølster vgs.).

Film 5: Firda vgs.

Q-film nr. 5: Firda vgs. Av Mathilde Moldestad Grøttebø (Eid vgs)

FILM 5: – Mathilde Moldestad Grøttebø (Eid vgs.).

Film 6: TrollSAFE Idiotforsikring

Q-film nr. 6: TrollSAFE Idiotforsikring. Av Asbjørn Lote, Maria Steen og Helene Solheim (Mo og Jølster vgs)

FILM 6: – Asbjørn Lote, Maria Steen oh Helene Solheim (Mo og Jølster vgs.).

Film 7: STAY – Samfunnet treng deg

Q-film nr. 7: STAY - Samfunnet treng deg. Av Asbjørn Lote, Maria Steen, Erik Nyland og Eivind Vallestad (Mo og Jølster vgs)

FILM 7: – Asbjørn Lote, Maria Steen, Erik Nyland og Eivind Vallestad (Mo og Jølster vgs.).

Film 8: Nøkkelhullet

Q-film nr 8: Nøkkelhullet. Av Elias Engevik (Sygna vgs)

FILM 8: – Elias Engevik (Sygna vgs.).

Film 9: Take it slow

Q-film nr. 9: Take it slow. Stine Solhaug Myklebust (Firda vgs)

FILM 9: – Stine Solhaug Myklebust (Firda vgs.).

Film 10: Torbjørn's Timelapse II

Q-film nr. 10: Torbjørn's Timelapse II - Torbjørn Frøysland (Mo og Jølster vgs)

FILM 10: – Torbjørn Frøysland (Mo og Jølster vgs.).

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.