NRK Meny

Finalistane er klare - no kan du stemme fram årets gründer

Juryen har plukka dei fem finalistane til prisen Årets gründer 2012. No er det opp til deg å stemme på den du meiner bør gå av med utmerkinga og 100.000 kroner.

Gründerar 2012

SPENTE: Finalistane er spente på resultatet; oppe f.v. karane bak Droneservice f.v. Hans Ove Bøe og Arne Hjelle Strand, nede f.v. Jesper Melin i Melin Medical, Andreas Haug i Proresult, Solveig D. Kristiansen i Lege.no og t.h. Torstein Hønsi i Highsoft Solutions.

Foto: Inge Fænn, Odd Inge Gjeraker, privat

Totalt kom det inn 31 kandidatar i konkurransen om å bli årets gründer i Sogn og Fjordane.

Dei tre jurymedlemmene, Innovasjon Norge-sjef Halvor Flatland, Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke og administrerande direktør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane har plukka ut fem kandidatar til finale.

- Det var ei god liste. Eg er litt imponert over at det er så mange som har søkt på prisen, og vi har hatt mange gode kandidatar til vurdering. Vi har hamna på fem finalistar, men det kunne vore mange fleire, seier Flatland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Andenæs, Flatland

TØFT VAL: F.v. administrerande banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane Arvid Andenæs og Innovasjon Norge-sjef Halvor Flatland.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Meiner gründerånda er sterk

Også Simen Staalnacke let seg imponere av mange av søknadane.

- Det er eit veldig godt spenn i kandidatane. Det er godt å sjå at gründerånda er

Simen Staalnacke

SPENNANDE: Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke, gler seg til å følgje prosessen vidare.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

sterk i Sogn og Fjordane. Sjølvsagt kunne det vore fleire, men det er stilig å sjå at det finst såpass mange gode idear, seier Staalnacke, som gler seg til å følgje med vidare.

Han legg til at det har vore ein krevjande jobb å finne fram til finalistane.

- Vi har gått nokre rundar for å vurdere opp i mot kriteriane. Men eg føler vi har landa på ein god bukett av glade gründerar, seier Staalnacke.

Stem fram den du likar best

Fram til 1. november kan du stemme på den kandidaten du meiner fortener mest å bli årets gründer. Like før prisen blir delt ut under Temposeminaret i Florø 1. november, kjem juryen til å ha eit siste møte, der dei får vite stemmetalet frå publikum.

Dei vil ha dette med i vurderinga når dei bestemmer kven som får Årets gründerpris 2012.

(Les meir om dei einskilde kandidatane under avstemminga)

HER ER DEI FEM KANDIDATANE:

Lege.no

Lege.no vart skipa i januar 2012, har adresse på Mjømna, og er eit føretak som tilbyr legehjelp via Internett. Brukarane kan vere anonyme. Tilbakemeldinga er rask (direkte kontakt med legar i opningstida).

Alle konsultasjonar skjer skriftleg, og lege.no er einaste nett-legetenesta som tilbyr live chat med legen.

Tilbodet vil kunne effektivisere helsetenesta, og gjere konsultasjonane kjappare, enklare, billegare og meir praktisk for pasientane.

LES MEIR: – Ein sparar tid, pengar og det er veldig enkelt

  • Desse står bak: Dagleg leiar: Solveig D. Kristiansen, driftsleiar: Adam Owen. Styret: Njål H. Wilberg, Francis B. S. Rath og Bjørn H. Grene.

Droneservice

Droneservice vart etablert av to energimontørar i februar 2011 i Stryn. Dei tilbyr dronehelikopter m/HD-kamera, i hovudsak til inspeksjon av høgspentliner, som er svært arbeidskrevjande å utføre manuelt.

Tilbyr betre dokumentering (gode bilete) til langt lågare kostnad, og med mindre inngrep/forstyrrelsar i naturen. Dette kan òg integrerast i e-verka sine eigne programvare.

LES OGSÅ: Stryne-gründerar gir nytt liv til gamal teknologi

  • Desse står bak: Dagleg leiar (og styremedlem): Hans Ove Bøe & operatør (og styreleiar): Arne Hjelle Strand

Proresult

Vart skipa i 2007 i Førde. Har utvikla nettbasert programvare for timeregistrering på mobil til bygg- og anleggsbransjen (TMC). Tatt i bruk av fleire lokale entreprenørar (m.a. Åsen & Øverli og Dvergsdal & Sunde), samt nokon nasjonale aktørar (Norges Hus, Hus 1 Norge).

Forenklar administrasjonsarbeidet for entreprenøren, og gir oppdatert dagleg oversyn over både timar pr ansett og totalt pr prosjekt.

Kan òg brukast til utfylling av andre skjema/dokument pr mobil, registrering av materialforbruk, biletdokumentasjon eller verkty- og utstyrsregistrering.

LES MEIR: Desse karane gjer livet enklare for anleggsarbeidarar

  • Desse står bak: Dagleg leiar (og styreleiar/hovudaksjonær): Andreas Haug

Melin Medical AS

Starta februar 2010 på Sandane. Har utvikla ny betalingsautomat for helsevesenet som er tatt i bruk på mange legesenter i landet.

Har ført til at pasientane slepp å stå i kø for å betale, samt redusert tidsbruk på administrering av pasientar så helsepersonell kan nytte meir tid på behandling.

Over 400 betalingsautomatar har så langt blitt utplasserte, og fleire er på veg – for tida held dei eit snitt på to nye automatar per dag. 20 tilsette; dei fleste i Oslo.

  • Desse står bak: Styreleiar/hovudaksjonær: Jesper Melin Ganc-Pedersen; dagleg leiar: Jørn Gjessing

Highsoft Solutions

Vart skipa i april 2011 i Vik i Sogn. Lagar avanserte presentasjonsløysingar for IT-marknaden og leverer til heile verda.

Nyskapande visualisering på web (grafiske framstillingar). Mange av kundane er blant dei 100 største selskapa i verda (Fortune 100). Omsette for 12 millionar kroner første driftsår, med resultat på 8,6 millionar kroner. Har 8 tilsette i Vik i Sogn.

  • Desse står bak: Styreleiar/hovudaksjonær: Torstein Hønsi; dagleg leiar/styremedlem: Grethe Hjetland

Deler ut prisen under Temposeminaret

Saman med Sparebankstiftinga og Sparebanken Sogn og Fjordane skal NRK Sogn og Fjordane dele ut «Årets gründerpris 2012» under Temposeminaret i Florø.

– Vi vil setje bedriftsskaping i fokus, og heve fram dei som lagar arbeidsplassar, nye idear og produkt i fylket vårt, seier kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

13 menneske vart sendt til sjukehus med røykskadar etter brannen i Fjærlandstunnelen måndag.
For å forstå flyktningar betre, budde Katrine Sele tre år på eit asylmottak. No er erfaringane blitt bok.
I Vågsøy er naboar til badestrendene sinte fordi dei meiner at taretråling har ført til at strendene er full av tare.