Hopp til innhold

Stem fram fylkesfuglen vår!

Sogn og Fjordane har ingen fylkesfugl. Det vil ornitologisk foreining gjere noko med. Og dei treng di hjelp!

Anders Braanaas leiter etter fylkesfuglen

LEITER ETTER FYLKESFUGLEN: Anders Braanaas er på leit etter ein fylkesfugl. No kan du vere med å stemme fram din favoritt.

Foto: Jan Ove Sagerøy, Eli Eikenæs Vengen og Rein Arne Golf (Montasje)

- Vi bur i eit vakkert fylke, og det skulle berre mangle at Sogn og Fjordane får sin eigen fylkesfugl, seier nyvald leiar i Ornitologiforeininga i Sogn og Fjordane, Anders Braanaas.

Finn fylkesfuglen
Anders Braanaas

FUGLEGLAD: Anders Braanaas vil gjerne at flest mogleg klikkar fram den fuglen som skal bli fylkesfuglen i Sogn og Fjordane.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK
Gjerdesmett

GJERDESMETT

Foto: Jan Ove Sagerøy
Kongeørn

KONGEØRN

Foto: Rein-Arne Golf
Tjeld

TJELD

Foto: Jan Ove Sagerøy
Stransnipe

STRANDSNIPE

Foto: Jan Ove Sagerøy
Bergirisk

BERGIRISK

Foto: Jan Ove Sagerøy
Stær

STARE

Foto: John Øystein Berg
Steinskvett
Foto: Tove Hammervik Flø

Saman med NRK Sogn og Fjordane vil Ornitologisk foreining finne den fuglen som skal representere Sogn og Fjordane. Du kan stemme på din favoritt ved å sende oss ein e-post til sf@nrk.no. Merk e-posten med «fylkesfugl» i emnefeltet.

Fristen for å sende inn forslag er sett til fredag 31. mai klokka 12:00.

Braanaas har vore fugleentusiast sidan han var liten, og hugsar framleis korleis han og kompisane reise ut med kikkert rundt halsen på jakt etter nye fuglesortar.

- Vi hadde ein eigen skog vi kalla meiseskogen og der var det mange fuglar vi kikka på.

Har kikkerten klar kvar dag

- Det er gode minner, og eg har sett utruleg mange flotte fuglar. Det trur eg andre også har, så no må vi finne den som kan representere fylket vårt på best mogleg vis, seier Braanaas, også no med kikkerten rundt halsen.

Han bur på Grønenga like utanfor Florø, og der yrar det av fugleliv.

- Her er det kulturlandskap og det yrer av liv her. Eg virrar rundt og leitar etter fuglar konstant eg. Og då oppdagar mange ulike sortar i trea rundt her, fortel Braanaas.

(artikkelen held fram under videoen)

Kva fugl meiner du bør vere fylkesfuglen for Sogn og Fjordane?

Anders Braanaas ber deg stemme på din favorittfugl

Yrande fugleliv

Etter å ha vore interessert i fuglar nesten heile livet kan han ramse opp den eine etter den andre.

- Her er jo fuglar som høyer til småfuglane som Løsanger Linerle, Kjøttmeis og av og til kjem det sjeldnare fuglar. Eg har sett både Vaktel, Svarteryggerle og Fiskeørn her, men det er ikkje ofte dei dukkar opp.

Med kikkerten lett tilgjengeleg er det også lett å få auge på dei små som fly frå grein til grein og som byggjer reir rundt huset.

«Gauken bør vere Fylkesfugl! Eit kjærkome vårteikn som ingen tek feil av, alle kjenner den fuglen!»

SMS til morgonsendinga

Løvsongaren er «overalt»

- Eg tek også bilete av fuglane, men ikkje som mykje som eg gjerne vil. Det er ein del anna å ta seg til her ute, men no har eg fått nytt fotoapperat så no har tenkt å ta opp den hobbyen igjen.

I Norge er det millionar av fuglen som er mest vanleg å sjå, Løvsongaren. Den dukkar opp i mai og er lett å høyre syngje utover våren.

- Det er den fuglen vi har mest av også her i fylket. Men det er svært mange typar, faktisk så mange som 280 eller 290. Mange av dei er ikkje hekkande, berre av dei som 180 gjer det.

Set fokus på fugleartane

Braanaas er heldig som bur på ein stad der fuglen trivst godt. Med aktivt kulturlandskap, fredelege morgonar beitande sauer og nok av å tre å fly mellom og å gøyme seg i er Grønenga rett plass for fuglane.

Sogn og Fjordane har ikkje tidlegare hatt ei foreining som har vore spesielt opptekne av fuglar, og som nyvald leiar er Braanaas klar for at fleire skal få auga opp for det rike fuglelivet i fylket.

- Det er ei ære å bli den første leiaren i foreininga. Det er stas sidan eg er så oppteken av fuglar og det er mange vakre sortar her. Vi er omlag hundre medlemmer i foreininga no, men det er plass til mange fleire.

No skal altså fuglesfylken heiast fram, og det er vanskeleg å finne berre ein som skal få tittelen meiner fylkesleiaren.

Favoritten er Gjerdesmett

-Det er veldig vanskeleg å velje ein fugl for det er mange fuglar som er fine. Og det treng ikkje vere ein stor og spektakulær fugl. Men kanskje min favoritt må bli fuglen Gjerdesmett. Den veg omlag ni gram og er litt hissig, litt som sogningane, ler Braanaas og fortel at fuglen er lett å høyre.

- Den har ei svært kraftig stemme som er lett å kjenne att. Vakker fuglesong, men det syng ti gonger sterkare enn ein hane. Den er liten og brun med stjerten rett opp.

- Er den vanskeleg å oppdage?

- Nei, den er lett å få auge på. Ein treng ikkje kikkert for å finne den. Spesielt sidan den syng så sterkt vekkjer den merksemd.

Matar fuglane vinteren gjennom

Det er ei eiga side på facebook for foreininga der det ligg mykje informasjon om kva dei driv med og fleire bilete av ulike fuglesortar.

Braanaas matar fuglane rundt huset på Grønenga gjennom vinteren, men sluttar når våren kjem.

- Du veit, fuglar kan rett og slett bli infertile av å bli mata. Dei blir late, orkar ikkje så mykje og kan også slutte å syngje. Det er ikkje bra. Difor er det viktig at dei får leite etter mat sjølve og halde seg i aktivitet slik dei skal. Men det er delte meiningar om dette. Nokre matar fuglane året gjennom, men eg meiner dei bør finne maten sjølve når det faktisk er mat ute til dei, seier fuglesjefen.

Treng DI hjelp!

Ornitologisk foreining har kome med forslag til kva for sortar som skal vere med:

  • Gjerdesmett - finn du over heile fylket. Vekta er berre ni gram. Han likar det fuktige milde klimaet på Vestlandet. Mange overvintrar, men nokre reiser sørover i Europa.
  • Tjeld - er først og fremst ein kystfugl, men med dei lange fjordane i vårt fylke går den langt inn i landet også i ferskvatn. Overvintrar i Tyskland, Nederland og England.
  • Steinskvett - likar seg frå dei ytste skjær til høgfjellet. Han likar det opne landskapet. Vintrane tek han i tropiske område med savanner og stepper. Ein langveisfarar.
  • Bergirisk eller knøtter - er ein livleg finkefugl som gjerne held seg i bratte klipper langs kysten eller i fjellet. Han er ein typisk vestlandsfugl. Om vinteren dreg han gjerne til Tyskland og Nord-Frankrike.
  • Gråtrast - hekker frå sjøen til langt opp i fjellet. Vakker og vanleg fugl. Om hausten samler han seg i store flokkar og fér til dei Britiske øyane, Belgia og Frankrike.
  • Strandsnipe - er vår vanlegste vadefugl. Frå sjøen og heilt opp i fjellet. Overvintrar i Afrika.
  • Ramn - finst i heile fylket heile året. Ramnen er klok. Det finst døme på ramn som snakkar.
  • Ringtrast - svart med kvit halvmåne i bringa. Er ikkje den vanlegaste trasten, men i vårt fylke finn vi han frå dei ytste øyane til høgaste fjellet. Gjerne i bratte fjellsider. Han overvintrar i Frankrike, Spania og Nord-Afrika.
  • Kongeørn - held først og fremst til i skogen opp mot fjellet. Og fjell har vi mykje av her i fylket. Dei unge kongeørnene overvintrar på kysten, medan dei eldre stort sett held seg i ro.
  • Staren - er knytt til kulturlandskap og jordbruk. Når staren kjem er det vår. Om vinteren held han seg langs Nordsjøkysten ned til Frankrike.

Følgjande fuglar er ikkje aktuelle, då dei er fylkesfugl andre stader: Linerle, havørn, Svarttrost, blåmeis og kjøttmeis.

Du stemmer på din favoritt ved å sende oss ein e-post til sf@nrk.no. Merk e-posten med «fylkesfugl» i emnefeltet.

Kva fugl meiner du bør vere fylkesfuglen for Sogn og Fjordane?

Anders Braanaas ber deg stemme på din favorittfugl