Hopp til innhold

Steinsprang stengjer framleis riksveg 5

Det vil enno gå fleire timar før riksveg 5 mellom Førde og Florø kan opne. Ein geolog har vore på synfaring og sett ei steinblokk han vil undersøke nærmare.

Ras riksveg 5

REDD FOR FLEIRE: Fleire store steinar har rast ut i vegbana, og geologen og vegvesenet fryktar at fleire skal kome. Difor vil vegen tidlegast opne klokka 13.

Foto: Kristian Kjesbu

Ras riksveg 5

SOM NORMALT: Pendlarar som skal mellom Førde og Svelgen kan køyre som normalt. Vegen er stengt like etter krysset.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ras riksveg 5

KØ: Mellom 10 og 15 lastebilar og vogntog står i kø. På eit tidspunkt stod også svært mange personbilar i kø.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Ras riksveg 5

KØ: Svært mange pendlarar som skal mellom Florø og Førde, eller Florø og Svelgen, er råka av stenginga. På eit tidspunkt var det svært lange køar på vegen. No har mange personbilar snudd og køyrt heim, då det ikkje finst moglegheiter for omkøyring.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

SISTE: Geolog frå Statens vegvesen, Kristian Kjesbu, har no vore på synfaring i rasområdet. Dei vil gjere ei ny vurdering av kva tid vegen kan opne klokka 14.

Vegtrafikksentralen opplyser at dei heile tida finn nye blokker som må reinskast ned og at vegen truleg ikkje blir opna før tidlegast mellom klokka 15 og 16.

Steinspranget som gjekk tysdag kveld stengjer framleis riksveg 5 ved Leversundet mellom Grov og Sundefjellstunnelen. Det er ikkje omkøyringsmoglegheiter for folk som skal mellom Florø og Førde, eller Florø og Svelgen. Folk som skal mellom Førde og Svelgen er ikkje råka av stenginga.

Geolog Kristian Kjesbu har no sett nærmare på rasområdet, der kom store steinar ned i fleire omgangar tysdag kveld.

– Vi fann eit løsneområde i cirka 120 meters høgde. Det er ein liten bekk som har utløyst eit blokkparti som har teke med seg masser nedover. Det har vore ein del vatn i sprekkesystema der, og det har nok vore ei langtidsutvikling.

– Vi får eit reinskelag til å gå over området og rasløpet vidare nedover. Det ligg litt laust igjen, pluss at det finst sprekker og blokker i løsneområdet som vi ikkje stoler på, seier Kjesbu.

Reinskelaget består av arbeidarar som jobbar på E39 i Jølster. Det betyr at E39 mellom Vassenden og Skei er no er open for fri ferdsel

Vegvesenet har varsla fylkeskommunen, som no heldt på å førebu ein eller fleire båtar som kan setjast inn for å få folk og varer mellom Florø og Førde eller Florø og Svelgen.

AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser at dei har tiltak for slike situasjonar, og at dei mellom anna har båt som kan frakte pasientar. Eit Sea King helikopter frå 330-skvadronen er stasjonert i Florø, og ein luftambulanse i Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras riksveg 5

LANGE KØAR: Utover morgontimane danna det seg lange køar på Riksveg 5.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fryktar nye steinsprang

I løpet av natta har mange som ville forbi staden snudd.

– Det er ein del som kom inn der som måtte gjere vendereise, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Per Rimmen.

Vi har fått ganske mange telefonar om dette i løpet av natta. Det er mange som står fast på feil side. Folk har faktisk vore veldig forståingsfulle. Dei har forsøkt å overnatte hjå andre, seier Ellefsen ved Vegtrafikksentralen.

Så lenge det ikkje var dagslys og geologen ikkje hadde undersøkt området følte politiet og vegvesenet at det ikkje var trygt å opne vegen.

Like før klokka 8.30 kom altså meldinga om at geologen har sett ei steinblokk som han vil undersøke nærmare før det vert vurdert som trygt å opne vegen.

Overraskande rasstad

Ras riksveg5

OVERRASKANDE: Både Per Rimmen i politiet og Arne Stadheim i Vegtrafikksentralen er overraska over at det kom steinar ned fjellsida her.

Foto: Kristian Kjesbu

Ifølgje NRK sin reporter på staden står mange lastebilar og vogntog i kø på staden. I tillegg stod mange personbilar i kø, ein kø som på eit tidspunkt var så lang at folk på staden ikkje kan sjå enden på køen.

Men nærmare klokka 09.00 har dei fleste personbilane snudd og køyrt heim.

Det danna seg på eit tidspunkt også ein kø av bilar som kom frå Svelgen og skulle til Florø.

Korkje Per Rimmen ved politiet eller Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal har høyrt om ras på denne staden før.

– Eg kan ikkje hugse at det har kome stein der før, seier Rimmen.

– Eg kjenner ikkje til at det har vore noko ras på denne staden før. Det kom som ei overrasking at det skjedde der, seier Stadheim.

Også geolog Kristian Kjensbu stadfestar at dette ikkje er eit punkt i deira rasregister.

–Det er eit nytt område. Det er det. Det er ikkje eit punkt der vi ikkje forventa ras, seier Kjensbu.

Steinar kom ned på begge sider av bilen

Hallgeir Helland

NÆR TREFT: Hallgeir Helland kom køyrande då steinar hamna i vegbana både framfor og bakanfor bilen.

Foto: Høgre

Tysdag kveld kom Hallgeir Helland køyrande frå Førde, og såg første steinen deise ned i vegbana kring 20 meter framfor bilen.

– I det same såg eg i spegelen at det fall ned ein stein bak bilen, fortel Helland, som var snar til å køyre ut av området.

Då han kjende seg på trygg avstand, stoppa han bilen slik at han også fekk stoppa andre trafikantar og varsla vegvesenet. Saman med fire-fem andre bilistar fekk han lempa dei to steinane ut av vegen.

– Eg har ikkje opplevd steinsprang akkurat her før, men eit par hundre meter lenger inne har det tidlegare kome stein ned i vegen, seier Helland, som fortel at steinspranget sette eit støkk i han der og då.

Helland seier at steinane har kome ned lia ovanfor vegen, men at det på grunn av all skogen er vanskeleg å seie kor høgt steinane har losna.