Må truleg sprengje bort steinane for å kunne opne vegen etter ras

Store steinblokker sperrar fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i Stryn. Blokkene må truleg sprengjast vekk og vegen kan tidlegast opne i 16-tida.

Steinblokker sperrar vegen mellom Olden - Innvik

FLEIRE KUBIKK: Store steinblokker sperrar vegen mellom Olden og Innvik.

Foto: NRK.no-tipsar

Steinras på fylkesveg 60 Olden - Innvik

RASSTADEN: Steinblokker har dundra i vegen og ein diger blokk har også hamna i fjorden.

Foto: Arne Vik
Steinblokk over fylkesveg 60 mellom Innvik og Olden

I FJELLSIDA: Ein geolog skal sjå på steinblokka som ligg omlag 30 meter over vegen.

Foto: Arne Vik

Steinraset har gått ved Vanbergtunnelen, ved Ugla. Ingen skal ha blitt tekne av raset. Ein bilist på staden seier steinblokkene som har kome i vegbana, er store.

Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen i Lærdal seier vegen no er heilt stengd og at steinblokkene må piggast eller sprengjast vekk.

– Vegen blir tidlegast opna om fem-seks timar. I verste fall blir vegen stengd heile dagen, seier han til NRK.no i 11-tida.

I tillegg til steinane i vegen, ligg det også nokre store blokker igjen i fjellsida. Også desse må fjernast før vegen blir opna igjen. Ein geolog er venta til området i 13-tida for å vurdere om ein stor steinblokk i fjellsida må sprengjast vekk.

Einaste omkøyringsmoglegheit er via Anda-Lote på E39. Der har det byrja på bli kø på ferjesambandet på grunn av auka trafikk.

Ras mellom Olden og Innvik sperrar riksveg 60.

SJÅ VIDEO: Store steinblokker sperrar vegen mellom Olden og Innvik.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.