Hopp til innhold

Fylkesveg opna etter steinras

Fylkesveg 50 var ein periode stengd mellom Aurland og Hol etter eit større steinras ved Vassbygdtunnelen.

Store skadar

ARKIVBILETE: Fylkesveg 50 var tysdag kveld stengd ved Vassbygdtunnelen etter eit steinras. Biletet er frå eit steinras i fjor.

Foto: Arne Veum / NRK

Raset vart meldt inn klokka 2128. Entreprenør er i 22-tida på veg til staden. Raset gjekk like ovanfor Vassbygdtunnelen.

Det har også tidlegare gått ras i same område.

– Vi avventar tilbakemelding frå entreprenøren, men meldinga går på at det er fleire bra store steinare og fleire mindre. Det har også ramla steinar i vatnet, får NRK.no opplyst ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Vegen var mellombels stengd. Vegtrafikksentralen opplyser like over klokka 23 at vegen er opna att.

Vassbygditunnelen