NRK Meny
Normal

Steinras stenger fylkesveg 53

Vegen er no rydda og open att etter at forbipasserande melde frå om eit steinras ved Naddvik i Årdal kommune.

Laster kart, vennligst vent...

STEINRAS: Geolog er på veg til rasstaden på fylkesveg 53.

Onsdag ettermiddag gjekk det eit steinras ved Naddvik mellom Årdalstangen og Fodnes ferjekai. Vegen var heilt stengd i ein og halvannan time.

– Vi fekk melding frå ein forbipasserande om raset. Steinraset dekte ikkje heile vegen, men det var fare for at det kunne komme meir, seier Erikstad.

Både entreprenør og geolog blei sendt til staden.

– Entreprenøren er usikker på kor høgt oppe raset losna, samt at det buldrar i fjellveggen.

Politiet sin operasjonssentral i Florø kunne melde om at det var mindre stein og tre i steinraset, og at det ikkje var grunn til å tru at nokon var tekne av raset.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.