NRK Meny
Normal

Her dundrar steinane ned mot E16

Medan trafikken susa forbi hundre meter under, losna store steinblokker frå Breggeberget og dundra ned mot E16 i Flåm.

E16 var ein kort periode stengd etter steinras i Flåm.

SJÅ VIDEO: Store steinblokker vart knust mot fjellsida på vegen ned mot trafikkerte E16 gjennom Flåm. (FOTO: SUE FRETHEIM)

– Eg såg bilane som for opp og kom ut av tunnelen. Det er reine bingoen at det gjekk bra, seier Anders Fretheim som like før klokka 16 såg steinraset i fjellsida over hovudfartsåra mellom Aust- og Vestlandet.

Både Flenja-, Fretheim- og Gudvangatunnelen vart stengde som følgje av steinraset.

Anders Fretheim i Flåm

VITNE: Anders Fretheim bur kring 600 meter luftlinje frå rasstaden. – Eg hadde panoramautsikt til raset og frykta det verste, seier han.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fretheim og kona Sue var på veg i hus då dei høyrde eit veldig smell frå fjellsida. Sue tok opp telefonen og festa raset på film.

– Først såg vi mykje røyk og så kom steinane dansande nedover fjellsida. Dei siste steinane stogga i steinrøysa rett over vegen. Det kan ikkje vere meir enn 100 meter, seier han.

Fretheim seier det ikkje går mange dagar utan at dei høyrer stein som rasar frå Brekkeberget. Raset dei vart vitne til i dag skildrar han som sjeldan stort.

Sjekkar rasområdet ved Flenjatunnelen

SJEKK: Politiet er på plassen og sjekkar rasområdet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Vegen vart stengd ei kort tid i frykt for at det kunne komme ned meir og vegvesenet vurderte å sende ein geolog for å vurdere rasstaden. Dette vart ikkje gjort. Byggherrevakta opplyser til Vegtrafikksentralen at raset stogga 200 meter frå vegen.

– Det var ikkje noko god kjensle å sjå steinane velte nedover fjellsida medan bilane køyrer forbi under, seier Fretheim.

Steinras stogga nokre hundre meter over E16 i Flåm.

SJÅ VIDEO: Marius Krossøy skjønte først etterpå at raset kunne nå hovudfartsåra mellom Oslo og Bergen. (FOTO: MARIUS KROSSØY)

Marius Krossøy, som arbeider om bord på passasjerkatamaranen MS «Njord» stod på landgangen då raset gjekk.

– Eg trudde først at buldringa var ei ferje som kom forbi, men så såg eg at turistane fekk med seg raset, seier han. Med det første tykte han det var spennande og tok opp mobilen for å filme.

– Eg er ikkje lokalkjend i området, men styrmannen sa at E16 gjekk rett under. Då skjønte eg at det var nær på å nå i vegen, fortel han.

Laster kart, vennligst vent...
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.