Hopp til innhold

Steinras sperrar populær turistveg

Store steinblokker sperrar den gamle europavegen og populære turistvegen ved Galdane i Lærdalsdalen.

Steinras i Galdane, Lærdal

STORT RAS: Til alt hell kom raset etter at vegen blei stengt for vinteren.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Raset gjekk heldigvis etter at turistvegen var stengd for vinteren, fortel frilansfotograf Jan Christian Jerving, som tilfeldigvis oppdaga det store raset.

Turistvegen gjennom Galdane var inntil for få år sidan ein del av stamvegen mellom aust og vest, og har vore berykta for si smale vegbane og oppmoding om å køyre "sentrisk".

No er vegen, som no heiter fylkesveg 630, heilt sperra, også for syklistar og andre som ønskjer å nytte vegstrekninga utan bil.

Byggjeleiar for E16 gjennom Lærdalsdalen, Rune Dvergsdal, fortel til NRK at dei er gjort merksame på raset som sperrar den gamle vegen.

– Vi må vurdere om vi får gjort noko med dette no, eller om vi må vente til etter nyttår før vi får opna vegen igjen. Strekninga er uansett vinterstengt fram til 15. mai, fortel Dvergsdal.

Han opplyser at det kan bli aktuelt at dei må søkje om ekstra midlar til å få rydda vekk raset, også fordi det kan bli aktuelt med sikringsarbeid på rasstaden.

Turistveg Lærdalsdalen

POPULÆRT: Den gamle europavegen er mykje nytt av turistar på sommaren. No blir vegen uansett stengd fram til mai.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK