Hopp til innhold

Turistar måtte søke dekning medan steinane hagla rundt dei

To danske turistar måtte søke dekning då det i ettermiddag gjekk eit stort steinras over turstien inn til Nigardsbreen i Luster.

Ras ved Nigardsbreen i Luster

SIKRAR OMRÅDET: Mannskap frå redningsetatane er på plass ved rasstaden i Jostedalen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det var klokka 13.15 i dag at naudetatane blei varsla om steinraset frå to turistar som var på stien.

– Dei har forsøkt etter beste evne å gå i dekning bak nokon steinblokker, fortel vaktleiar Dan Inge Gjesdal hos Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Kvart år besøker mange tusen menneske brearmen som ligg heilt i enden av Jostedalen i Luster i Sogn.

Mange av dei besøkande brukar stien frå parkeringsplassen og går inn til breen. Det er denne stien der det no har gått eit ras. To tilsette i NVE var i området då raset gjekk og dei sprang i retning turistane.

– Eg såg at det var to turistar som var på veg inn til breen og dei kunne jo like gjerne ha vore midt oppe i nedslagsfeltet for alt eg visste. Etterkvart som raset gav seg sprang vi inn for å sjå om dei var i live. Det synte seg at dei gøymde seg bak ein fjellknaus, fortel Truls Erik Bølsnes i NVE.

Alt tilgjengeleg redningsmannskap i Sogndal og Luster rykte ut etter at meldinga om steinraset kom.