Steinras i Høyanger

Det har gått eit lite steinras mellom Sande og Ortnevik på fylkesveg 92 på Høyanger sørside. NRK-tipsar melder at raset kjem brått på, men at det er mogleg å passere. Vegtrafikksentralen i Lærdal opplyser at entreprenør er på veg til staden.