Hopp til innhold

Fleire mista straumen etter steinras

Eit stort steinras tok med seg høgspentlinjer på veg ned mot eit bustadfelt i Sogn.

HER RASAR DET: Sjå video av raset i Gaupne i Luster. Foto: Leiv Ravnestad.

– Det rista skikkeleg. Eg låg heime i senga mi og kunne ikkje forstå kva som skjedde. Ei stund trudde eg at mi tid var komen, seier Alexander Velthuijs.

Huset til Velthuijs ligg rett ved Røslebakkane i Gaupne, der raset har gått.

– Eg tippar raset er mellom 50 og 60 meter breitt. Dei største steinane kan vere opp mot 100 tonn, seier han.

Raset har tatt med seg ei høgspentlinje og fleire var utan straum.

– Eg fekk beskjed frå nokre kompisar om å komme meg ut av huset, seier Velthujis.

Luster-ordførar Ivar Kvalen seier det ligg ei grå sky over tettstaden.

– Det buldra og rista. Vi merka det veldig godt. Det ligg ei grå sky over heile sentrum med steinstøv. Det har vore store krefter i sving, seier Kvalen.

Kjent rasområde

Det har tidlegare gått ras i området. For ti år sidan blei det bygd ein rasvoll med fangnetting på staden.

– Det går ofte ras på våren, men denne gongen kom det mykje ned frå fjellsida, seier ordførar i Luster kommune. Eg vurderer området som trygt, Ivar Kvalen.

Sogn Avis skriv at det er ti år sidan det sist gjekk eit like stort ras i området.

Ras

RETT BAK BUSTADAR: Raset dundra ned fjellsidene.

Foto: Alexander Velthuijs