Muren er i ferd med å falle saman. Foto: Arne Eithun
Avdelingsleiar i kommunen, Osvald Turlid, har gjeve beskjed til grunneigarane på Lie og i Vikesland at steinane bør fjernast før dei rasar ned i vegbana og gjer skade.
- Viss muren rasar så går dei rett i vegen. Dei kan også treffe ein transformatorstasjon som står i nærleiken. No håpar eg at vi kan få ned dette utan at steinane gjer skade på nokon, seier Turlid, som håpar dei har fått sikra området iløpet av kort tid.