Hopp til innhold

Steinleggjarane nektar å finne seg i krav frå arbeidstilsynet

Både politiet og arbeidstilsynet ber folk om å ikkje kjøpe tenester frå omreisande britiske steinleggjarar. Arbeidstilsynet opplever at dei regelrett bles i krava dei gir arbeidsgjengane.

Steinleggjarane dreg rundt i campingvogner
Foto: Terje Gilleshammer (MMS-foto) / NRK / NRK

Den siste veka har britiske steinleggjarar vore på reis gjennom fylket.

I Eid i Nordfjord var politiet seinast i går kveld ute og viste vekk ei slik gruppe frå ein privat idrettsplass.

Til ein svært billeg penge tilbyr desse gruppene til dømes å leggje ny stein i hagen din. Men historiene om kranglar om betaling, krav om svart betaling etc er mange landet over.

– Dei bles i krava

Rune Joar Ravnestad

HØYRER IKKJE ETTER: Rune Joar Ravnestad i Arbeidstilsynet seier at steinleggjarane ikkje bryr seg om pålegga frå tilsynet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Arbeidstilsynet opplever at når dei påpeikar brot, dreg steinleggjarane berre vidare og bles i krava frå tilsynet.

– Me stoppa nokon i Førde i går fordi dei mangla ID-kort. Dei hadde heller ikkje arbeidsavtale og det er brot på arbeidsmiljølova, seier Ravnestad.

Men steinleggjarane reiste berre rett vidare utan å høyre på tilsynet.

– Det er eit teikn på at dei ikkje har tenkt å innfri krava me set, og då er det forbrukarane som har mest makt ved å ikkje kjøpe tenestene deira.

Campingvogner og ungar i skulealder

Etter den ampre stemninga på idrettsplassen i Nordfjord hadde gruppa flytta seg til ein parkeringsplass

– Det hadde vore litt småampert i ein liten periode, men etter kvart løyste det seg og dei reiste frå staden, seier lensmann i Eid Webjørn Moa.

– Mi personlege meining er at dei ikkje bør la desse få arbeide for seg, seier Moa.

Steinleggjarane sin camp

CAMPINGLIV: Steinleggjarane reiser rundt i campingvogner, og har med seg både gravemaskiner og anna utstyr dei treng for å jobbe.

Foto: Terje Gilleshammer (MMS-foto) / NRK

NRK var sjølv å prøvde å snakke med dei britiske steinleggjarane i dag. Om lag ti campingvogner stod parkert på rekkje og rad bak store firehjulstrekkjarar med irske og britiske skilt. Ei campingvogn hang bak ein lastebil med ei gravemaskin på lasteplanet. I vognene kunne ein høyre småborn leike og ungar i skulealder sprang mellom vognene.

I relativt tydelege ordelag og med kroppsspråk som ikkje var til å misforstå vart NRK sin reporter bedt om å kome seg vekk.

Denne gruppa reiser no til Ålesund der politiet er varsla.