Hopp til innhold

Steinkrossen i Gulen kjem snart heim

EIVINDVIK/FØRDE (NRK): Trass i åtvaringar frå fagfolk, blir steinkrossen i Eivindvik gjenreist.

Krossen ved kyrkja i Eivindvik

DEN KELTISKE OLAVSKROSSEN: Krossen er om lag 2,7 meter høg, og skal vera knytt til Olav Tryggvasson som kristna folk på Gulatinget. Dette bildet er teke før krossen vart skadd.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– No kjem krossen endeleg heim att. I desse dagar er han på veg frå Stavanger, og vi håpar han skal vera på plass innan 17. mai. Då blir det ei lita markering. I august skal vi ha offisiell opning med riksantikvaren, seier Anne Hopland.

Anne Hopland (Sp)

EIT STERKT YNSKE: Anne Hopland er letta og glad over utfallet i saka, og seier det har vore eit sterkt ynske å få krossen attende der han stod opphavleg.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit/NRK

Ho er dagleg leiar i Gulatinget, og har arbeidd med å få krossen attende. Ho meiner at ei opphavleg plassering i landskapet er viktig for slike kulturminne. Også ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal, er glad for at krossen blir plassert på same stad som før ulukka.

– Det er stor stas. Det var det lokale skyttarlaget som var så uheldige å felle greina ned på krossen, og det var vondt for heile bygda at dette skjedde. Det er mange som har spurt etter kva som skal skje, folk har vore spente.

Det er ikkje unikt at ein attendefører ein kross slik som vi gjer her. Det har blitt gjort både i Noreg og i andre land. Det har ein bestemt verdi for mange mennske at krossen får stå der han har gjort.

Anne Hopland

Konfliktfylt dialog

Den tusen år gamle krossen knakk i to bitar etter at ei grein losna og ramla ned under felling av eit tre. Etter ulukka fekk Universitetsmuseet i Bergen ansvaret for steinkrossen. Men etter kvart vart kontakten broten. Museet har heile tida vore kritiske til å gjenreise steinen, medan det har vore eit sterkt ynskje lokalt.

Hallvard Oppedal

IKKJE PÅ MUSEUM: Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal, meiner samspelet mellom dei to steinkrossane i Gulen er viktig. Dei er sterkt knytte til staden der Gulatinget fyrst var samla.

Foto: Johan Moen / NRK

– Dersom vi skulle lagre krossen innandørs i Gulen, var det skissert at vi måtte betale 40.000 kroner i året for at museet skulle føre tilsyn med han. Vi trur det ikkje ville gått så lang tid før krossen hadde blitt transportert til Bergen og lagra på museum der i staden for, seier ordførar Hallvard Oppedal.

Oppedal tok kontakt med Riksantikvaren, som stødde han i at krossen hadde størst verdi dersom han vart gjenreist på same stad. Riksantikvaren bestilte ei teknisk løysing frå Arkeologisk museum i Stavanger, der krossen er på verkstad i desse dagar.

Steinkrossen i Gulen på verkstad

PÅ VERKSTAD: Krossen får fire feste i armholene, som skal halde han oppe.

Foto: Geir Oskar Magnussen / Arkeologisk museum / Gulatinget

Framleis kritiske

Sjølv om Universitetsmuseet i Bergen ikkje var med i det vidare samarbeidet, har dei gjort ei vurdering av den løysinga som er valt. I eit brev til Riksantikvaren frå den 20. mars i år, skriv dei mellom anna dette:

Bevaringsmessig er alternativ 3 det minst gunstige forslaget som er presentert, ikke minst fordi elementer som definerer korsets karakter og fremtidige forskningspotensiale settes i alvorlig fare. (...) Universitetsmuseet i Bergen fraråder bestemt at korset gjenreises etter alternativ 3, og kan heller ikke anbefale at korset gjenreises utendørs.

Isa Trøim ved Riksantikvaren tek kritikken frå Bergen på alvor, men meiner at museet i Bergen og Riksantikvaren har to ulike roller.

– Museet vurderer det reint faglege, medan vi også tek samfunnsmessige omsyn. Vi vil sjølvsagt overvake krossen, og om han ikkje toler å vera utandørs, kan vi koma til å ta han ned att, seier Trøim.

Skisse av steinkrossen i Eivindvik

ALTERNATIV 3: Dette er skissa til det som blir kalla alternativ 3. Det har vore diskutert ulike måtar å gjenreise krossen på, og det er denne løysinga som er valt. Den øvre delen av krossen heng fritt over den nedre delen, og blir halden oppe av ein stålkonstruksjon.

Foto: Geir Oskar Magnussen / Arkeologisk museum / Riksantikvaren