NRK Meny
Normal

Bautaen står like støtt som samhaldet i bygda

Flaumen gjorde enorme skader. Men minnesmerket etter den store lyrikaren står att som eit symbol på Flåm sitt urokkelege samhald.

Bauten står i Flåm

STÅR FRAMLEIS: Flåmselvi tok med seg fem hus på vegen mot Aurlandsfjorden. Attende står minnesmerket etter diktaren Per Sivle som eit symbol på samhaldet blant innbyggjarane.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Hus og bøar er vaska vekk. Bruer og vegar like så. Men der Flåmselvi herja som verst, står minnesmerket etter Per Sivle like støtt.

Ordførar Noralv Distad

RØRT: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), er imponert over omsorga innbyggjarane i Flåm viste den dramatiske tysdagen i førre veke.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

– Vatnet har gått rundt på alle kantar, men steinen står, konstaterer ordførar Noralv Distad (H).

Sivlesteinen står

Den vesle bygda i Aurland fekk hard medfart tysdag i førre veke. Den flaumstore elva tok med seg fem hus på ferda mot Aurlandsfjorden. 160 personar vart evakuerte frå heimane sine.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sjå Flåm frå lufta etter flaumen

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut frå lufta dagen etter flaumen i Flåm.

Seks hus står ubebuelege att, medan to står i fare for å rase ut. Midt blant velta tre, plankerestar og massar av grus og stein, står Sivlesteinen som eit symbol på innbyggjarane sitt samhald.

Per Sivle

BAUTA: Per Sivle (1857-1904) var ein diktar og pressemann frå Flåm.

– Når denne krisa er over, så står merket tilbake. Då er Flåm ei endå sterkare bygd enn den var før, seier Distad.

Takksam ordførar

Ordføraren har latt seg imponere over måten bygda har takla både den dramatiske tysdagen, men også tida etter flaumen. Då krisa stod på som verst viste innbyggjarane ei omsorg ordføraren aldri vil gløyme.

– Eg er både takksam og rørt over det eg har opplevd, seier Distad.

– Det var så mange som ikkje berre tenkte på seg sjølve. Dei som sjølve stod midt i ein vanskeleg situasjon, viste omsorg til andre og formidla dette inn til kriseleiinga så vi kunne formidle vidare til mannskapet som skulle ut for å hente folk, held Distad fram og legg til:

– Det gløymer eg aldri.

– Ingen seier nei

Sterke inntrykk for statsministeren

VITJA: For andre gong på under eitt år vitja statsminister Erna Solberg (H) kriseråka bygder i Sogn.

Foto: Jan Christian Jerving

No jobbar gravemaskinene dag og natt i Flåm. Provisoriske løysingar er i ferd med å erstatte vegsambanda elva tok med seg. Vegen til skulen er igjen køyrbar.

– Alle stiller opp. Absolutt alle. Det er ingen som seier nei. Alle jobbar i helgane, om nettene, seier Distad.

Neste utfordring er å få bygd ein mellombels veg til dei som bur lenger oppe i dalen. Det er ein stor jobb som står att, før alt er på plass.

– Her er det jobb i nokre veker, kan du seie. Eller år, seier gravemaskinførar Ole Marius Flåm Olsen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå