Hopp til innhold

Steinbru kollapsa i Askvoll

Ei steinbru skal ha kollapsa og ein mann i 70-åra har fått steinar over seg.

Det melder Vest politidistrikt på Twitter.

– Det er ein person som skal ha ramla då ei steinbru over ei lita elv kollapsa. Han har fått nokre steinar over seg og var saman med andre då uhellet skjedde, seier Per Algrøy, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Ulukka vart meldt til politiet klokka 15.35. Hendinga skjedde i Fossedalen i Askvoll ute i terrenget.

Det var luftambulanse i området.

– Vi har ikkje vore på staden, men vi har fått tilbakemelding om at ulukka ikkje er så alvorleg som dei første meldingane vi fekk inn, seier Algrøy.

Den skadde er vaken og vert sendt til Førde sentralsjukehus.

Like etter klokka 17 opplyser politiet om at mannen var i 70-åra. Han fall om lag ein meter då han trakka på ei steinhelle som sklidde ut. Mannen skal ikkje vere alvorleg skadd.