Hopp til innhold

Steinblokker trugar bustadhus

Rassikringa i Prestemarka på Nordfjordeid er for dårleg. Ein ny rapport viser at store steinblokker framleis kan rase ned i bustadfeltet.

Rapport for sikring av ras
Foto: Trude Bakke / NRK

- Vi er svært overraska over resultatet, seier teknisk leiar i Eid kommune, Elin Leikanger.

Det er Eid kommune som har lagt fram ein ny granskingsrapport frå Geovest-Haugland. Rapporten viser at dei gamle rassikringane ikkje er gode nok. I rapporten står det: ”Det kan konkluderes med at vi ikke kan se bort fra at det kan komme utfall av blokker fra en brattkant oppe i lia som når helt ned i bebyggelsen.”

-Tenkjer på det

Tryggve Dyrevik bur øverst i Prestemarka, og saman med 20 andre husstandar er han nærast mot området som er utsett for størst skredfare.

- Med den vassmengda oppe i fjellet her skal det ikkje mykje til for at ting kan gli igjen. Det er klart at då tenkjer du på det.

Redd for nytt storskred

Dyrevik delar uroa med fleire andre i nabolaget. Det var i det bratte terrenget bak huset hans at eit stort jordras ramma hausten 1975. Raset den gongen øydela fleire hus, og berre hell gjorde at ingen kom til skade. Dyrevik har sjølv fulgt med på nedbørsmengdene dei siste åra, og er redd kommunen ikkje ser alvoret i rasfaren. Ingen veit når det neste raset kan gå.

- Etter raset i 1975 sette kommunen opp ei rassikring, men det var sikring mot snøskred. Her er det ikkje snøras vi er redde for, men jordskred og steinblokker.

Lovar bot og betring

Eid kommune har trudd sikringane frå 1975 var gode nok. No lovar Elin Leikanger bot og betring.

- Vi kjem ikkje til å late dette gå forbi i det stille, vi kjem til å sikre området. I rapporten vert det tilrådd eit tryggingsnett nedanfor dei sikringane som allereie er der.