Hopp til innhold

Steinblokk stengde fylkesveg 13

Ei stor steinblokk kom i natt dundrande ned på vegen mellom Dragsvik og Sværefjorden i Balestrand. Vegen vart opna for fri ferdsle i 07-tida.

Steinblokk stengjer fylkesveg 13

STENGD: Denne steinen kom i natt brasande ned i vegbana på fylkesveg 13.

Foto: Vegvesenet/Mesta

Meldinga om raset på fylkesveg 13 kom klokka 04.20, og gjekk først ut på at steinen var på storleik med ein bil.

Raset gjekk ikkje så langt frå Farnes, i retning Dragsvik.

Losna frå fem meter

– Steinane losna om lag fem meter oppe i skråninga før dei sklei ut i vegen. Ein vurderer det til å ikkje vere noko større rasfare der no, seier Jan Erikstad på Vegtrafikksentralen.

Han fortel at ein hjullastar kom på plass like over klokka 07.00 for å fjerne steinen.

Passerer rasstaden dagleg

Leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane, Arnstein Menes (Sp) bur på Menes, nokre kilometer innanfor staden der det rasar. Han pendlar dagleg til Sogndal, og må dermed passere rasstaden minst to gonger dagleg.

I morgontimane fredag måtte han stå over to ferjer frå Dragsvik, for å vente på at vegen vart rydda og gjort framkomeleg med bil.

Men han er ikkje redd for å køyre strekninga.

– Nei, eg er ikkje redd. Men eg er klar over at det kan vere hindringar i vegen når vi køyrer, og det må vi ta omsyn til, seier Menes.

Han fortel at steinras ikkje er eit uvanleg skode på fylkesveg 13 mellom Dragsvik og Sværefjorden.

Ikkje første gongen

– Dette har vi opplevd fleire gonger. Det er spesielt i vinterhalvåret det skjer, men også elles, seier Menes.

Som samferdslepolitikar ser han trongen for å få meir rassikringsmidlar til Sogn og Fjordane, for det er nok av stader som burde vore sikra.

– Det er klart totalt sett i heile fylket veit vi at det er mange punkt som er rasfarlege, både med snøras og steinras. Vi har gjort nokre prioriteringar i forhold til rassikring, så vi må jo berre halde intensiteten oppe for å få meir middel til rassikring og få sikra vegane våre.

Ikkje så dramatisk som ein trudde

– Dette var noko ikkje så dramatisk som først frykta, men det er klart det ser dramatisk ut med så store steinblokker i vegen, seier Erikstad.

Etter det politiet og Vegtrafikksentralen kjenner til skal det ikkje vere folk eller bilar som har blitt råka av raset.

Saka vert oppdatert.