Steinblokk rasa ut i vegen

To store steinblokker rasa i morgontimane laurdag ned mot vegbana mellom Olden og Innvik.

Steinblokk på Olden - Innvik

SÅ LANGT: Steinblokka som rasa ut mellom 08 og 10 laurdag la seg heilt inn til vegbana.

Foto: Jogeir Agjeld

Raset skjedde berre nokre hundre meter frå der eit ektepar frå Austlandet var berre få sekund frå å bli treft av steinras .

Eine steinblokka hamna i vegkanten, medan den andre blokka stogga i granfeltet ovanfor vegen, skriv avisa Fjordingen. Steinen som hamna i vegkanten er rydda vekk.

Steinblokk ved Olden - Innvik.

KVILER: Denne blokka la seg inn til ei gran.

Foto: Jogeir Agjeld

Jogeir Agjeld, som bur i området, meiner dette understrekar kor mykje det hastar med å få utbetra vegen.

– Grunneigarlaget har oppmoda fylket, som er ansvarlege for vegen, om at den som får anbodet på Agjeldstunellen også får opsjon på Vangbergstunellen. Slik kan vi korte ned tida vi må vente før vi får trygg veg. Eg håpar politikarane tek dette på alvor når dei om få dagar skal gjere sine vedtak, seier han til avisa.