Hopp til innhold

Steinblokk rasa ned på riksvegen

Ei steinblokk på 15 tonn har rasa ned på vegen, og sperrar det eine køyrefeltet på riksveg 5 mellom Førde og Florø.

Ingen personar vart skadde då den store steinblokka dundra ned på ein av dei mest trafikkerte vegane i Sogn og Fjordane litt før klokka åtte fredag kveld.

Blokka dundra ned i vegbana nokre kilometer aust for Naustdal sentrum.

To meter høg

Blokka var over to meter høg og på størrelse med ein personbil.

– Det er flaks at ingen vart trefte av steinen. Det var bra dette skjedde på denne tida av døgnet og ikkje på dagen når trafikken er størst, seier operasjonsleiar Hans Petter Harlem ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Riksveg 5 er open for trafikk då blokka berre stengjer den eine køyrebana. Politiet har vore på staden og det har vore manuell dirigering av trafikken store delar av kvelden. No har politiet avslutta på staden.

Blir ikkje stengd

– Steinen ser stor og ubehageleg ut. Den blir nok vanskeleg å flytte, seier Harlem.

Mannskap frå Mesta undersøkte staden i kveld, og det vart konkludert med at det er liten fare for nye ras. Vegen vil difor ikkje bli stengt.

– Steinen blir nok ikkje flytta før i morgon, så det blir berre ei køyrebane som vil vere open, seier Harlem.