NRK Meny
Normal

Steinblokk på E39

Ei stor steinblokk på omlag fire ganger fire meter rasa i natt ned på E39 mellom Vadheim og Sande.

Steinblokk på E39.
Foto: Steinar Lote / NRK

Folk frå vegvesenet var i natt på staden. Vegen er sikra, og det er passering for bilar, opplyser Vegmeldingssentralen.

Blokka må sprengjast vekk seinare i dag. I føremiddag var folk frå vegvesenet oppe i lia for å sjekke om det kunne vere fare for at fleire steinar kan kome ned.

Ingen bilar eller peronar skal ha kome til skade då blokka fall ut, opplyser politiet. Blokka skal ha kome oppe frå lia mellom Dregebø og Øksland.

Vegopning på Bergum i Førde kommune