Oppvaskmaskina tok brått fyr – no vil eigaren åtvare andre

– Hald deg heime når du startar elektriske artiklar. Det er oppmodinga frå Steinar Drægni i Årdal etter at oppvaskmaskina tok fyr onsdag kveld.

Oppvaskmaskin byrja å brenne

SVIDD: Slik ser oppvaskmaskinen ut etter at den byrja å brenne. Det kom både røyk og flammar ut av maskinen.

Foto: Privat

Han og kona sat i stova då dei høyrde smell frå kjøkkenet.

– Vi gjekk inn på kjøkkenet og då såg vi at det kom røyk ut av maskinen. Det var stygg, svart røyk med trådar av brent plast. Og brått seier kona at det lyser bak brytarane, fortel Drægni.

Steinar Drægni

SKREMT: Steinar Drægni i Årdal er overraska over kor fort det gjekk.

Foto: Privat

Han kikka nærare etter og såg flammar som slo ut av brytepanelet.

– Eg fekk nappa ut støpselet og eg helte vatn inn i brytarpanelet. Det var i ferd med å smelte fullstendig. Det heile skjedde veldig fort, det var det som var så skummelt.

Oppvaskmaskinen står under ei benkeplata, og Drægni seier denne kunne teke fyr om dei ikkje kom så raskt til.

– Deretter kunne ein brann spreidd seg til kjøkkenskapa og huset hadde vore i fyr og flamme på relativt kort tid. Det er eg overbevist om.

Til alt hell gjekk alt hos familien Drægni i går kveld. Han har no sendt melding til importøren av oppvaskmaskinen, men ikkje fått svar.

Mange delingar og kommentarar på Facebook

Etter denne hendinga har han og kona tenkt over kva som kunne skjedd om dei hadde vore ut eller lagt seg. Tal frå politiet syner at det har vore 33 brannar dei siste tre åra, der ei oppvaskmaskin har vore brannårsaka.

– Moralen må bli at ein ikkje må forlèt oppvaskmaskinar, vaskemaskinar eller andre elektriske gjenstandar.

Han har også har tenkt over kva som kan skje med den nye type straummålarane som er i ferd med å bli installert i Norge.

– Eg har ikkje allverdas kunnskap om dei, men noko av poenget er vel å få folk til å disponerer annleis og mellom anna køyre slike oppgåver på natta for at straumen skal bli billegare. Då tenkjer eg på kva som kan skje.

For å åtvare andre, har Drægni lagt ut eit bilete av oppvaskmaskinen på Facebook. Denne posten har blitt delt 180 gonger og fått mange kommentarar og reaksjonar.

– Eg har også fått melding frå ein kar i nabokommunen som hadde opplevd akkurat det same.

Feil på modellen

Oppvaskmaskina til Drægni er av merket Bosch, og ifølgje kommunikasjonssjef Maja Wikman Ulrich i BSH Home Appliances i Norden er det ein kjent feil på nokre av modellane som vart produserte i perioden 1999–2005.

Wikman Ulrich skriv i ein e-post til NRK at dei umiddelbart tok kontakt med Drægni då dei fekk kjennskap til episoden.

– Vi er veldig glade for at det gjekk bra og at ingen vart skadde, skriv kommunikasjonssjefen.

Ifølgje nettavisa Porten.no har Bosch hatt ein annonsekampanje gåande i perioden 2013 til 2014 for å få ut informasjon om at nokre av modellane kan byrje å brenne. Wikman Ulrich oppmodar alle som har meir enn tjue år gamle Siemens eller Bosch-oppvaskmaskiner om å ta kontakt for å finne ut om deira maskin er blant dei det er oppdaga feil på.

Wikman Ulrich ber folk ta kontakt med dei på telefon 22660600.

Ha tilgang på sløkkeutstyr

Brannsløkkingsapparat skal stå godt synleg og lett tilgjengeleg

SLØKKEUTSTYR: Det er viktig at slikt utstyr er lett tilgjengeleg.

Foto: Oddleif Løseth / NRK

Informasjonsrådgivar Tor Erik Skaar i Norsk brannvernsforeining seier mange blir overraska over kor raskt det kan gå når uhellet er ute.

– Denne episoden viser at det er viktig å vere til stades når oppvaskmaskinar står på, slik at ein kan handtere det viss ein situasjon skulle oppstå. Eg vil oppmode alle om å bruke denne type maskinar berre når ein er til stades.

Skaar seier kjøkkenet kanskje er staden der ein har flest brannar startar i Norge.

– Det er difor viktig å ha tilgang til sløkkeutstyr på kjøkkenet, som brannteppe, sløkkeskum eller husbrannslange.

I første versjon av artikkelen vart det ikkje nemnd kva merke oppvaskmaskina var frå. Dagen etter publisering har vi lagt inn ein kommentar frå kommunikasjonssjefen i BSH Home Appliances, selskapet som sel Bosch og Siemens sine hushaldningsapparat.