NRK Meny
Normal

Steinar Ness fekk den viktige andreplassen på Senterpartiet si stortingsliste

LEIKANGER (NRK): Steinar Ness frå Viksdalen fekk den viktige andreplassen på stortingslista til Senterpartiet. Fylkesordførar Jenny Følling tapte kampen mot Ness med 34 mot 39 røyster.

Sp

FEKK 2.PLASS: Steinar Ness vann kampen om 2.plassen mot Jenny Følling.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Liv Signe Navarsete tronar framleis på toppen av stortingslista til Senterpartiet i fylket. Ho vart ikkje utfordra på dagens nominasjonsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

Spenning om andreplassen

Derimot var det knytt stor spenning til kven som fekk andreplassen på lista. Både Ness, fylkesordførar Jenny Følling og Aleksander Øren Heen kjempa om denne plassen.

Ness trakk det lengste strået, medan Sigurd Reksnes frå Eid fekk tredjeplassen. Øren Heen frå Årdal fekk fjerdeplassen.

Her er nominasjonsnemnda, med Karen Marie Hjelmeseter i spissen, sitt opprinnelege forslag:

Det var Senterungdommen som lanserte sogningen Aleksander Øren Heen til den viktige plassen bak den Navarsete. Men etter å ha tenkt seg om, fann dei ut at dei heller ville lansere han som kandidat til den neste plassen på lista.

– Eg har vore klar på at eg har hatt lyst på andreplassen. Men etter å ha snakka med fleire lokallag ser eg at er vanskeleg for meg å få den på grunn av geografi, då då vel eg å trekke meg frå andreplassen, seier Øren Heen.

Steinar Ness, som har lang fartstid i Senterpartiet, vart lansert av fleire lokallag som kandidat til andreplassen.

Steinar Ness

2.PLASSEN: Steinar Ness vart fremja som kandidat til andreplass på stortingslista av lokallaga frå Vågsøy, Selje, Bremanger, Stryn og Balestrand. Han vart vald med 39 mot 34 stemmer.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ness er og tidlegare generalsekretær i partiet.

Difor er andreplassen viktig

Senterpartiet har ein representant på Stortinget, så i utgangspunktet er det Liv Signe Navarsete som beheld stolen sin i stortingssalen. Men når Navarsete er oppteken, då er andrekandidaten på lista som skal steppe inn. Om det blir regjeringsskifte neste haust, og Senterpartiet kjem i regjering og Navarsete vert statsråd, er det andremann på lista som får vikariere i hennar plass på Stortinget.

Dersom SP gjer eit brakval, kan dei få to representantar på Stortinget. Då får både første og andreplassen eit sete.

Geografisk spreiing

Lokallaga som lanserte Steinar Ness seier dei bekymra for at det skal bli for mykje for Følling om ho skal vere både fylkesordførar og vararepresentant på Stortinget.

Nokre meiner verva bør vere delte på fleire hender. Andre seier at vurderinga om det er mogleg å gjere begge deler vart gjort då Følling takka ja til å stå på lista.

– Kva skjer dersom det blir ny regjering til neste år, Liv Signe Navarsete blir statsråd, og Jenny Følling må ta permisjon som fylkesordførar? Sa Marit Aakre Tenno frå Luster Senterparti.

– I så fall må nokon frå Sp-gruppa i fylkesutvalet overta vervet hennar fylkesordførar. Då er det snakk om Sigurd Reksnes, Aleksander Øren Heen, eller Karen Marie Hjelmeseter, som leia nominasjonsnemnda.

Diskusjonen har også gått om kor viktig geografisk tilhøyrigheit er.

– Det er viktig at vi har representantar frå alle delar av fylket. Om ikkje mistar vi stemmer, meiner blant andre Anders Vikøren frå Senterpartiet i Vik.

Les også:

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.