NRK Meny
Normal

Steinane hagla rundt Ola

Han slapp frå det med skrekken, men det var berre så vidt.

Ras stengjer fylkesveg 92 ved Eitreneset i Vik.

SKREMMANDE: – Berre flaks at eg ikkje vart treft, seier Ola Halset etter den skremmande opplevinga natt til laurdag.

Foto: Ola Halset

Ola Halset var på veg heim att til Indrefjorden frå jobb i Vik i eitt-tida natt til laurdag då naturen gav han eit skikkeleg støkk.

Ola Halset

NESTEN TREFT AV RASET: Ola Halset fekk ei skremmande oppleving då han var på veg heim frå jobb.

Foto: Privat

– Eg kom køyrande då eg brått ser at det haglar store steinblokker og tre ned i vegen framfor meg. Eg bråstoppa, men i det eg skulle rygge ser eg at det også haglar steinar bak meg, fortel den sindige vikjen.

– Det var litt ekkelt

Halset heldt hovudet kaldt og fekk rygga ut av rasområdet mellom steinane – utan at verken han sjølv eller bilen vart skadde.

– Det var berre flaks at eg ikkje vart treft, seier Halset, som returnerte til kommunesenteret i Vik for å overnatte hos bestefaren.

Sjølv påstår han at slike opplevingar ikkje skremmer han frå å køyre på den svært rasutsette strekninga på fylkesveg 92 mellom Vik og Arnafjord.

– Det var litt ekkelt, men eg kan ikkje tenkje på det sidan eg køyrer her kvar dag, seier han.

Fryktar liv skal gå tapt

Halset meiner lørdagens ras nok ein gong syner kor farleg og rasutsett vegen til bygdene langs Sognefjorden vest i Vik kommune er. Han meiner det snart er på tide at vegen vert sikra.

Ras stengjer fylkesveg 92 ved Eitreneset i Vik.

RASET: Her har Ola Halset teke bilete av rasområdet frå fjorden.

Foto: Ola Halset

– Det må skje noko med vegen før det er for seint og einkvan mister livet. Vi er ikkje fleire enn vi treng vere her ute, seier Halset.

– Det er eit stort ras som har kome over vegen. Entreprenøren var på staden i natt, men vi ventar på geolog før vi byrjar å rydda, sa trafikkoperatør Ove Amundsen ved vegtrafikksentralen i Bergen til NRK Sogn og Fjordane laurdag føremiddag.

150 personar utan vegsamband

Rådmann Oddbjørn Ese i Vik kommune seier det er om lag 150 personar som bur i grendene vest for rasstaden. Han opplyser at det det er ikkje sett i verk spesielle tiltak. Brukarar av heimetenesta til kommunen får hjelp av tilsette som bur i området.

– Dei er vane med at vegen er stengd av ras og klarer seg fint. Det er greie vêrforhold og det er mogeleg å kome seg til og frå med båt. Det er ingen krisesituasjon, seier Ese.

Opna søndag

Laurdag ettermiddag var ein geolog frå Statens vegvesen i helikopter over rasstaden.

– Statens vegvesen opplyser at det er ei stor blokk som anten må sikrast eller takast ned før dei kan starte med å rydde raset. Dei håpar dei skal få opna vegen i morgon, seier rådmannen.

Vegen blei opna att like etter klokka 19 søndag kveld.

Raset på fylkesveg 92 i Vik

RASA: Slik såg det ut då geologen var på synfaring laurdag ettermiddag.

Foto: Øystein Strand Lohne/Statens vegvesen
Laster kart, vennligst vent...
Vegopning på Bergum i Førde kommune