NRK Meny
Normal

Steinane hagla inn i hus og bilar

Midt på natta vakna Finn Mo og kona av eit drønn. 500 meter oppe i fjellsida bak garden deira losna store steinblokker og steinane spruta over eigedommen deira.

Finn Mo i Lærdal

LÆRDAL: Finn Mo og familien vakna av at steinane hagla på hustaket.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Det var veldig skremmande. Vi søv på loftet, og då vi høyrde det small sprang vi ned. Då vi kom ut på trappa såg vi steinane treffe bilane, seier Finn Mo.

Om lag klokka halv eitt i natt losna steinane og morellhagen, bilane og huset fekk skader på garden hans som ligg på Mo i Lærdal.

Fekk hol i taket

Dei store blokkene som losna i fjellsida small i bakken og knuste. Deretter hagla mindre steinar inn i både hus og bilar på eigedomen til Mo.

For 12 år sidan opplevde dei det same. Då var det låven som fekk hard medfart av steinraset. Likevel har ikkje Mo kjent seg utrygg.

Steinras i Lærdal
Foto: Mark Brooks

– Eg har aldri kjent det har vore farleg å bu her, men kona mi blei veldig redd då det skjedde. Og når det står på og like etterpå kjenner ein seg litt utrygg, seier Mo.

Dei store massane med jord og stein er strøydd utover. Steinane trefte taket på morellhagen på garden, og ein av steinane gjekk nesten gjennom taket på huset.

Stein i bil

SKADAR: Steinraset gjorde skade på bilar og hus, men ingen menneske vart skadde av steinspranga.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Geolog på staden

Politiet evakuerte dei to husa i natt, og tok kontakt med Lærdal kommune. Ordføraren og ein geolog har vore på staden etter hendinga. Geologen vurderer mellom anna risikofaren. Dei har dokumentasjon frå raset som skjedde for 12 år sidan.

Steinras i Lærdal

SKADER: Då paret kom ut på trappa fekk dei sjå steinane som dundra ned i bilane på gardsplassen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi har ei drone over no som har film av det rasutsette området. Geologen sit no og vurderer kva som skal skje vidare, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal.

Finn Mo og kona fekk overnatte like i nærleiken og er ikkje sikre på når dei skal tilbake i huset sitt.

– Kommune, politi og geolog må seie om det er trygt å bu her eller ikkje. Men det er enkelte i familien som ikkje har så lyst til å bu her akkurat no i alle fall, seier Finn Mo.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen