Hopp til innhold

Steinane hagla over – og inn i – butikken

Ei sprengladning ved steinbrotet på Sande i Gaular gjekk ikkje heilt som planlagt i ettermiddag. – Ein god del stein har gått i feil retning, kryssa vegen og treft eit nybygg, seier operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt.

Sprengingsuhell på Sande i Gaular

UHELL: Til dels store steinar hagla over Døskeland Marine på Sande i ettermiddag.

Foto: Privat

Nybygget steinane trefte tilhøyrer Døskeland Marine. Bygget stod ferdig i vinter.

– Vi har fått nokre knuste ruter, litt skader på fasaden og har nokre båtar som har fått litt juling, seier dagleg leiar Hans Alexander Døskeland.

Område var evakuert

Sprengningsuhell Sande i Gaular, Døskeland Marine

VEGLYS: Også veglys måtte gi tapt mot steinane.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Politiet fekk melding om uhellet like over klokka 16 i ettermiddag. Operasjonsleiar Lars Geitle seier politiet har oppretta undersøkingssak.

Salva var planlagt. Den var så stor at området vart evakuert i forkant.

– Området var evakuert før sprenging og vegen skal ha vore stengd for trafikk. Det var ikkje fare for liv og helse, men har blitt ein del materielle skader, seier Geitle.

– Det er snakk om ein god del stein, og stein som er stor nok til å gjere skade, legg han til.

Det gjekk ikkje heilt etter planen under sprenginga på Sande i Gaular.

SJÅ VIDEO: Det gjekk ikkje heilt etter planen under sprenginga på Sande i Gaular. (FOTO: PRIVAT)

Avhøyrer vitne

Sprengingsuhell på Sande

SPREIDD: Steinane er spreidde over eit stort område.

Foto: Privat

Politiet har ein patrulje på staden.

– Dei dokumenterer skadane, avhøyrer innehavar av bygget og dei ansvarlege for sprenginga. Det er oppretta undersøkingssak for å avdekke om nokon kan lastast for uhellet, legg Geitle til.

Fleire vitne fortel til NRK at steinane skal ligge spreidd over eit stort område, at båtar er knuste og gatelys som ligg nede. I tillegg til at bygget skal ha fått skade.

Sprengningsuhell Sande i Gaular, Døskeland Marine

STEINAR: Fleire av steinane var som hagla over industriområdet var rimeleg store.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

For Døskeland Marine betyr uhellet i alle fall ein del ekstraarbeid.

– Det er kjedeleg at slikt skjer, men det er ikkje så mykje å gjere med no. Vi skal skifte vindauge og plater på fasaden, men dette får ikkje følgjer for drifta av butikken, seier Døskeland.

Melde sjølv frå om uhellet

Det var Mesta som på oppdrag for Gaular Pukk og Sand stod for sprengingsarbeidet. Marknads- og kommunikasjonsrådgjevar i Mesta, Eskil Sand, seier det var deira tilsette som sjølv varsla om uhellet.

SJÅ VIDEO: Sprengingsuhellet gjorde stor skade på Sande. (FOTO/REDIGERING: ODDMUND HAUGEN/NRK)

– Vi skal hjelpe politiet med det vi kan i etterforskingsarbeidet, og uhellet skal granskast av vårt eige HMS-team, seier han.

Så lenge uhellet blir undersøkt av politiet, ynskjer han ikkje kommentere omstenda rundt uhellet.

Politiet opplyser onsdag kveld på Twitter at dei opprettar sak på uhellet.

Sprekker og slepper i fjellet

Arne Aarbergsbotten, dagleg leiar i Gaular Pukk og Sand, seier til Firda at sprekker og slepper i fjellet kan vere årsaka til uhellet.

– Alt vart gjort etter boka, og vi har papir, dokumentasjon og kvalitetssikring på alt. Men trass det, når det gjeld sprengingsarbeid kan ein aldri vere heilt sikker på korleis det går, seier han og skildrar sprengingsleiaren som erfaren og særskilt nøyaktig.

– Når det først gjekk gale er det berre å gle seg over at alle tryggingstiltak har gjort at det berre vart mindre materielle skadar, seier han til avisa.

Sprengningsuhell