Elida (8) og Emma (9) var på steinalderskule: – Dei hadde verken mobil eller sjokoladepålegg

EIKEFJORD (NRK): 220 tredje- og fjerdeklassingar fekk eit godt innblikk i korleis det var å leve i steinalderen. Elevane fekk med seg sjølvlaga, sylskarpe flintknivar i ryggsekken.

Flinthogging

FLINTHOGGING: Arkeolog Morten Kutschera lærer elevane korleis menneska i steinalderen lagde reiskapane sine.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Forventingsfulle elevar møtte opp til aktivitetsdag på helleristingsfeltet i Ausevika mellom Eikefjord og Stavang. På programmet sto aktivitetar som pil- og bogeskyting, flinthogging og steinalderkeramikk.

Tredjeklassingane Emma Louise Færestrand Ottesen (9) og Elida Solheim Mortensen (8) hadde lært litt om steinalderen på skulen, men synest det var spennande å få bryne seg på meir praktiske oppgåver.

Emma Louise Færestrand Ottesen og Elida Solheim Mortensen

KLASSEVENNINNER: Emma Louise Færestrand Ottesen (9) og Elida Solheim Mortensen (8)

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi har sett på helleristingar. Det såg ut som teikneseriar. Etterpå skal vi skyte med pil og boge, fortel Emma engasjert.

Viktig kulturminne

– Helleristingane i Ausevika er eitt av dei viktigaste kulturminna som vi har i Noreg, fortel Synnøve Herstad. Ho er rektor ved Steinhovden skule, men også guide på helleristingsfeltet.

Synnøve Herstad

ENGASJERT REKTOR: Synnøve Herstad har dykka djupt inn i lokalhistoria og deler sin kunnskap med elevane på steinalderskulen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Sjuandeklassingar frå elevbedrifta «Steinalderskulen i Ausevik» arrangerte aktivitetsdagen for tredje- og fjerdeklassingar frå barneskular i Flora kommune og eit par nabokommunar.

– Elevane som no går i 7. klasse var berre seks elevar. I fjor begynte vi ved Steinhovden skule å diskutere med Eikefjord skule korleis vi skulle ordne ei elevbedrift sidan dei var så få. Resultatet blei eit samarbeid, fortel Herstad.

Ausevika er saman med Vingen i Bremanger det største helleristingsfeltet i Sogn og Fjordane. Her finn ein 365 helleristingar med motiv av dyr og menneske. Der er også ei rekke abstrakte og geometriske figurar, som kan vere vanskelege å tolke.

– Eg tenkjer det er viktig at elevane forstår lokalhistoria si og at dei som budde her faktisk var av dei aller første menneska i Noreg, seier Herstad.

Helleristingar i Ausevika

OMVISNING PÅ HELLERISTINGSFELTET: Elevane fekk sjå dei over 3000 år gamle helleristingane. – Hovudmotivet er hjort. Vi finn hundre av desse, fortel guiden Synnøve Herstad.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

– Kva brukte dei i steinalderen dersom dei skulle skyte hjort? spør Herstad elevane som får omvisning ved helleristingane.

– Pil og boge! kjem det kontant frå Emma.

Med flintstein i bagasjen

Arkeolog og flintsmed Morten Kutschera kom heile vegen frå arbeidsplassen sin på steinaldersenteret Ertebølle i Danmark.

– Eg har vore her ute i Ausevika fleire gonger før. Det er kjekt å vere her. Eg synest det er viktig å vise elevane korleis ein levde i steinalderen og korleis ein laga verktøy.

Morten Kutschera

FLINTSMED: Morten Kutschera måtte køyre fleire turar frå heimen i Bergen for å frakte flintsteinane og alt det tunge verktøyet han skulle bruke.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

I Danmark jobbar Kutschera med eksperimentell arkeologi. Det vil seie at i staden for å berre studere reiskapa folk i steinalderen hadde, så testar han det ut. Han lagar økser og piler både til utstilling og bruk.

Elida og Emma følgjer spent med når flintsmeden forklarar korleis ein lagar knivar og pilspissar av flint.

Flintsmed Morten Kutschera lærer Elida og Emma flinthogging på steinalderskule i Ausevika

– Elevane er veldig lærevillige. Eg merkar at dei er vande til å gjere ting med hendene. Det er slik når ein kjem litt ut på landsbygda. Dei er vande til å vere ute i naturen. Dei tek det lett, flirer flintsmeden.

Like skarpe som barberblad

– Skal eg få desse steinane? spør Emma rett etter at ho har prøvd å hogge flint.

– Dei er dine. Spar dei til å skjere tomatar eller fisk med. Ikkje putt dei i bukselomma, åtvarar flintsmeden.

– Kva var det flintsmeden viste dykk?

– Det er veldig mange måtar å lage steinane på og dei er veldig skarpe. Ein kunne lage pilspissar til pil og boge og mange andre reiskap, fortel Emma.

Jentene får lære flinthogging

FLINTHOGGING: Elida Solheim Mortensen (8) får prøve flinthogging. Morten Kutschera fortel at ho må slå fort og hardt.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

– Elida, du var litt redd for å treffe fingrane til Morten?

– Ja, det var litt skummelt. Eg hadde ikkje lyst til å skade han. Til slutt prøvde eg så godt eg kunne, seier tredjeklassingen.

Flintsmeden fortel at ein har laga flintreiskapar så langt tilbake som for 2,5 millionar år sidan.

Det er mange måtar å hogge flint på. Denne metoden her går ut på at ein tar eit stykke gevir, ein av takkane på eit elg- eller hjortegevir, og så slår ein med ein tung hammar. Då får ein eit kraftig smell og så kjem det av ein superskarp kniv, fortel flintsmeden.

Pilspiss

PILSPISS: – Knivane kan konkurrere med det meste. Til og med barberblad. Ein kan dessutan forme knivane vidare til pilspissar, fortel flintsmed Morten Kutschera.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Knivar og kunnskap i ryggsekken

Elida og Emma fekk med seg dei skarpe flintknivane og ny kunnskap om lokalhistoria heimatt.

– Det budde veldig få menneske saman, seier Emma.

Tredjeklassingane kunne ikkje tenkje seg å leve i steinalderen.

– Dei hadde verken mobil eller sjokoladepålegg, avsluttar jentene humoristisk.