NRK Meny
Normal

Stein viste seg å vere søppelsekk

Vegtrafikksentralen fekk beskjed om eit stort steinfall i Frudalstunnelen og stengde vegen. Det var feil.

Frudalstunnelen på Rv 5 Sogndal-Fjærland

STENGT: Steinblokk var ikkje av stein...

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det viste seg å vere ein stor papirsekk som låg i vegen, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Riksveg 5 mellom Skei og Sogndal var stengt ein kort periode etter at Vegtrafikksentralen fekk melding om at ei stor steinblokk hadde ramla ned i vegbana.

Opplysningane gjekk på at steinblokka som hadde ramla ned var så stor at folk ikkje kunne flytte den med handemakt. Difor var kontraktøren sendt til staden for å undersøke saka.

– Det skjer ofte at vi får meldingar som ikkje stemmer heilt, men det er bra folk ringer inn, seier Molvær.

Vegen er opna att.