Hopp til innhold

Stein stengjer vegen i Balestrand

I natt raste ein stein på to til tre kubikkmeter ned på fylkesveg 152 mellom Ulvastad og Menes i Balestrand kommune.

Stein stengje fylkesveg 152 mellom Ulvastad og Menes
Foto: NRK.no-tipsar

Siste: Klokka 12:07 melder Statens vegvesen at vegen er rydda og opna att.

– Steinen sperrar heile vegbana og entreprenøren vil ikkje byrje oppryddinga før det byrjar å lysne, seier Tore Tysse som er trafikkoperatør i Statens vegvesen til NRK tysadag morgon.

Vegen har vore stengt sidan ein trafikkant melde frå om raset i eitt-tida i natt. Rundt klokka sju i dag tidleg var Mesta på plass for å undersøke rasstaden. Då vart det bestemt at steinen må sprengast, då han er for stor til å bli flytta.

– Entreprenøren har folk på veg som skal skyte vekk steinen, seier vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.