NRK Meny
Normal

Stein stengde veg i Gulen

Fylkesveg 57 ved Halsvik i Gulen er no open att. Vegen blei stengd då ein stor stein rasa ned i vegen onsdag kveld.

Halsvik, Gulen

OMDIRIGERER: Politiet omdirigerer trafikken i Halsvik i Gulen.

Foto: NRK-tipsar

Steinen var like stor som ein personbil, men det var mogleg å passere steinen ei god stund, fortalde tipsarar til NRK.

Vegen blei stengd og entreprenør og personell frå Statens vegvesen vurderte om det var fare for at fleire steinar ovanfor vegen kunne komme til å rase ned.

– Vi prøver å få i gong renskearbeid no i dag, så då vil det jo etter kvart vere mogleg å til ei vegopning, fortalde Marius Grove i vegtrafikksentralen i Hordaland torsdag føremiddag.

Laster kart, vennligst vent...
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.