Hopp til innhold

Stein rasa i vegen ved ferjekai

Ein steinras sperra vegen rett før ferjekaia på Fodnes.

Steinras ved Fodnes

STEINRAS: Desse steinane hamna i vegbana rett før ferjekaien på Fodnes.

Foto: Helge Follevåg

Vaktoperatør Arne Stadheim ved vegtrafikksentralen i Lærdal seier at raset på riksveg 5 kom ti på tre i ettermiddag.

– Steinane blir rydda og vi reknar med at vegen opnar kvart over tre, seier han.

Også på E39 mellom Vadheim og Sande har det rasa. Eit snøras sperrar vegen, men også her reknar Stadheim med at det går kjapt å rydde opp.