Hopp til innhold

Stein kan gje 100 arbeidsplassar

Det er på nytt store planar om bergverksdrift i Vevring i Naustdal.

På eit folkemøte i Vevring måndag kveld opplyste selskapet Nordic Mining at dei førebur ei konsekvensutgreiing om storstila uttak av rutil frå eklogitt-fjellet på Engebø.

- Vert det ei industriell utbygging av Engebøfjellet så snakkar vi om totale investeringar på to til tre milliardar kroner og over 100 arbeidsplassar, seier administrerande direktør Ivar Fossum i Nordic Mining.

Om alt går etter planen kan det på nytt vere bergverksdrift i Vevring innan 2013.

Stein for 35 milliardar

I over 25 år har det vore arbeidd med å få til lønsam steinutvinning på Engebø i den vesle bygda Vevring i Naustdal.

Denne gongen skal det utvinnast rutil frå dei store mengdene med eklogitt i fjellet. Rutil blir mellom anna brukt som pigment til måling, plast og papirindustrien. Rutil-mengdene i Vevring er verd minst 35 milliardar kroner.

Eklogittuttak på 90-talet

På 90-talet prøvde selskapet Fjordblokk seg i seks-sju år i Vevring med eklogittuttak. Siste åra kom det internasjonale Conoco inn og vann rutilen ut av eklogitten. Men etter at Conoco gav seg gjekk Fjordblokk konkurs i 1999, og det vart ein langvarig strid om opprydding av steinmasser.

Etter dette har det vore stillstand på Engebø, trass i at fylkeskommunen også har engasjert seg i å få i gang ny drift..

 Mange konflikter 

Det har vore mange og samanhengande konflikter mellom kommunen, delar av bygdefolket og utbyggjarane om prosjekta på Engebø.  Leiaren i Vevring Grendalag, Geir Førsund, utelukkar ikkje at det kan dukke opp nye konflikter dersom Nordic Mining ikkje rettar seg etter innspel og råd frå dei som bur i området.

Førsund reknar med at den planlagde konsekvensutgreiinga vil avklare eventuelle konfliktområde. 

- Vi vil i alle fall få avklart om det er mogleg å få i gang noko utvinning i det heile, seier Førsund.