Hopp til innhold

Stein i vegen

På riksveg 5 ved Kleivatunnelen i Jølster ligg det ein stor stein, melder Statens vegvesen. Ein entreprenør er på veg til staden. Vegen er førebels ikkje stengd. Innringaren anslår at steinen er rundt 75 centimeter i diameter.