Hopp til innhold

Stein ramla ned utanfor rassikringa mellom Olden og Innvik

Ein stor stein har ramla ned i vegbana på fylkesveg 60 i Knarrura mellom Olden og Innvik.

Stein i vegbana

VANSKELEG Å SJÅ: Steinen som har ramla ned når ein vaksen mann omtrent til kneet.

Foto: NRK-tipsar

– Steinen ligg slik til at det kan vere vanskeleg å sjå den, og det er begynt å skumre, så folk må vere obs dersom dei skal køyre her, fortel tipsaren til NRK.no.

Han kom sjølv køyrande på strekningen i 17.15-tida og hadde problem med å sjå den.

– Steinen ligg i Knarrura, og har kome på vestsida av rassikringsnettet. Den ser ut til å ha treft autovernet med stor kraft.

Det skal vere passering på staden og tipsar har også varsla vegvesenet slik at ein entreprenør er på veg til staden for å få fjerna steinen.

– Dei seinare åra har det gått mange ras her.

Mange har varsla om steinen

Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal har dei fått uvanleg mange telefonar om steinen i vegen. Og ein entreprenør er varsla og på veg for å fjerne steinen.

– Den ligg nok stygt til og så byrjar det å mørkne så det er nok difor, seier trafikkoperatør Ketil Molvær.

Vegen er vedtatt utbetra og ein ventar no på at ein entreprenør skal få tildelt oppdraget og starte arbeidet.

Stein i vegen mellom Olden og Innvik

I AUTOVERNET: Steinen har ramla ned i vegen og treft autovernet.

Foto: NRK-tipsar